torsdag, januar 20, 2011

Draum.

No og då kjenner eg ein uroleg følelse inni meg. Av og til kan den kjennes ut som tusen sommarfuglar, andre gongar dreg den meg longt vekk, til ein annan plass langt her i frå. No kan eg tenke mykje klarare enn i fjor (du veit, har blitt kaptein og slikt), og eg klarer fortare å kjenne igjen denne rastlausheita. Av og til hjelp det å gå ut ein tur, men i det siste har ikkje det vore nok. Eg vil vekk, ut å oppleve, sjå verda og besøke fine plassar. Eg skulle ønske eg var eventyrar, at eg hadde mot nok til å reise ein plass heilt åleine. Eller at eg hadde god nok økonomi til å reise vekk i nokre månar. At eg rett og slett var sterk nok til å kome meg vekk. Men slik er det ikkje. Ikkje no. Men kanskje om ein måned, eit halvt år, eit år, to år?

Det handlar ikkje om det å gjennomføre. Misforstå meg rett, det er viktig å gjennomføre det ein har planlagt, viss ikkje kjem ein ingen veg. Men eg meinar at det er ikkje det som betyr noko no, heile poenget er at eg er fri og har draumar og håp og ei framtid! At eg har muligheiter, og at eg har ei framtid etter at alt dette er over. Det er fint å tenke på. Som John Mayer syng i "Who says" (denne songen har ein tendens til å kome på dei rette tidspunkta altso, som til dømes etter ein trasig psykologtime): kven seier at eg ikkje kan planlegge ein tur og reise åleine? "Doesn't matter if I even go".

Og ein dag SKAL eg bo i Paris. Eller kanskje London. Eller New York? Om det er ei helg, ei veke, ein månad, eit år? Det veit eg ikkje enda.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

3 kommentarer:

Maria sa...

Hurra for dette! Du er så bra :D

sigg sa...

Kjenne følelsen!! å ej å du e dei beste drøymarane!! :D en vakker dag sete oss ilag på en koooosli kafè i New york å drøyme mens oss drikke nydli kaffi å kosa raua ta oss! Gla i dej systa miiiiiii!

Ingunn Ekern sa...

Ja, er det SANT.
Drømmer er det som tar oss videre.