søndag, januar 02, 2011

Nytt år, nye muligheiter, litt omregulering.

Då min gode venn Tore (som går på arkitekt) kom på besøk før jul, utbraut han plutseleg: "oi, dokke har omregulert!". Og sidan har det vore uttrykket her i hus. (Omregulert som i ommøblert.)
Så det har vi gjort i dag. Det er nytt år, ein ny start, kvardagen kjem tilbake og livet går vidare. Folk reiser tilbake til studieplassar og kalde hyblar, på an igjen med lekser og jobbing. Men eg, eg skal ikkje nokon plass. På ein måte er det godt å sleppe å reise vekk til ein skule og ei leiligheit som ventar på meg, men på ei anna side skulle eg ønske at eg og skulle begynde på igjen etter ferien. Uansett. Noko nytt trengde eg. Så i dag har eg omregulert rommet mitt. Eg har tatt ut ein gedigen skrivepult, skifta om på bilder og lampar, og fått inn ein av farmors gamle stolar. Eg har tatt vekk dei laaaaange, støvete gardinene mine (eg skal nemlig sy meg nye når eg får kjøpt eit fint stoff), vaska og skifta på senga. No har eg dusja, tatt på min beste bodylotion og pysj, og no skal eg prøve å strikke igjen og sjå på film. I morgon skal eg på jobb å telle varer.

Før (arkivfoto, haha. Men du ser skivepultbeistet.):
Photobucket

Etter:
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

6 kommentarer:

kariaanne sa...

me liiiiike!!!! :)))

Anna Josefin sa...

me 2!!!!

Maria sa...

Så koselig! Gleder meg til å komme og se :D

Birte sa...

kor koosli der blei!! :D

Ingunn Ekern sa...

Kjempekoselig :)
Legger merke til at vi har likt smykketre, fått av Maria du også? :D hihi. (i like it veryvery much!)

Ida sa...

Ej ELSKA at du he buska å styr utføre vindue ditt ! det skulle ej ønske at ej hadde. Ej må ha igjen rollgardina på soveromme at all times :(