torsdag, januar 06, 2011

Nytt år, nye nyttårsforsett.

Siste overskrift som ropar ny start, nye muligheiter og nye løysningar. Lovar. Eg ser egentlig ikkje så lyst på det her eg sit altso. Kanskje det er nettop derfor at eg må ha noko nytt, noko å sjå fram til. Slik at eg kan sjå muligheiter i staden for håplausheit. Uansett. Dei siste nyttårsforsetta mine har vore beskjedne, men overkomelige. I fjor var nyttårsforsettet mitt at eg skulle lære meg å spele eit nytt instrument, og det blei kornett. Noko som viste seg å vere vanskelegare enn fyrst antatt. Men eg gjorde det, og per i dag kan eg spele (ikkje mindre enn) nasjonalsongen vår på kornett. (I dag spør eg meg sjølv kvifor eg ikkje heller valgte fele eller noko som er litt enklare.)

Mitt nyttårsforsett i år, er eg veldig fornøgd med. Det er som ein liten flamme plutseleg har teke fyr inni meg. Eg kjenner lysta til å lære. Lære om (hald deg fast): Norsk polarhistorie. Skulle berre mangle seier du kanskje, eg som er i familie med Isahvsmuséet Aarvak og alt. Og det er sant. Det var tross alt min tippoldefar som starta opp med selfangst i Noreg! Min bestefar Henrik starta opp Ishavsmuséet, og eg har omtrent vakse opp med utstoppa isbjørnar, selar, og kjennskap til historia om dei barske ishavsmenna. Uten å ha vore særleg interessert. Men no! No skal det verte andre tider. Eg har vorte kjempefascinert av dei modige menna som plutseleg tok ein liten båt og rodde til færøyane, tok skia på og gjekk til nordpolen, eller dei som overvintra i isen. Tenk å vere ein liten mann i ein liten båt på det store, store havet. Det er vel ikkje noko som er meir overveldande enn å vere så liten i forhold til naturen.

Photobucket

Mamma fekk boka "Den siste viking - om Ragnar Thorseths evetyrlige liv" i julegåve. Du veit, han som var fyrste nordmann på nordpolen, som rodde åleine over havet og som falt av hesten sin heime på Sunnmøre og låg i koma? Og bestefar Henrik har til og med vore med Ragnar på tur. DET er tøft det. Eg har leita fram tre andre bøker eg skal lese etterpå. Ei av dei er "Mysteriet i vestisen", som handlar om då 50 skip med mannskap forliste, og den dag i dag har dei enda ikkje funne spor av verken båt eller mennesker. Som Sigrid utbraut då eg fortalte kva den handla om: "det er jo betre enn krim!!!"

Dersom ingen interesserar seg for historie, kven skal då huske den om 50 år?

Photobucket
Photobucket

Min barsking nr 1 (og den nye mannen i mitt liv): Jarle Andhøy, frå Berserk-ekspedisjonane.
Photobucket
Photobucket
Her kan du forresten sjå meir om han!

5 kommentarer:

Maria sa...

Jeg tror jeg så en dokumentar om han vikingen i går kveld! Var halvt i koma sjøl (omgangssjuka), så jeg husker ikke navnet hans, men det hørtes veldig kjent ut!

Sigg sa...

eni!! ej mæ skal bjunde!! :D må vete oss he ishavsblod i årene å e TØFFARE ENN TOGE!! :D

Anna Josefin sa...

Ej såg en dokumentar om nordpolen i går............... haha :D N.E.R.D!

Enig, sigg ;)

Ingunn Ekern sa...

Didn't see that coming! :D
Men veldig bra! Det er sikkert spennende :D

Anna Josefin sa...

haha :D ja det e veldig spennande skal ej sei dej! :D