måndag, mars 07, 2011

Lev draumen

Photobucket

Eg har jo tidlegare skrive om ting eg vil gjere før eg dør. Men då har eg for det meste snakka om draumane mine, ikkje berre slike små ting eg har lyst å oppleve. Det har gått opp for meg at eg eigentlig berre fyller livet mitt med kvardagar, i staden for at eg fyller kvardagen min med liv. Kvardagar der eg går og ventar på at det skal passe bedre, og tenker at "ein dag skal eg gjere det". Og kva skjer då? Jo, ingenting. Eg seier ikkje at kvar dag skal vere fylt av liv og glede, for somme dagar er det berre å gløyme. Alle opplever dagar der ein ikkje orkar noko, i allefall ikkje å gå etter draumen sin. Men ein skal ikkje gløyme den helder. Du styrer jo livet ditt og kvardagen sjølv. Ha eit mål, for då er kvar dag eit steg nærmare draumen.

Photobucket

Så difor vil eg lage meg ei liste. Med ting eg har lyst å oppleve før eg dør. Små ting. Ikkje store draumar, som å åpne ein muffinskafé, men ting som til saman betyr mest. Då kan eg leve draumen litt kvar dag.

Eg har jo opplevd litt da, så desse punkta kan eg stryke ut:
♥ ta ei tattovering
♥ vere på Timbuktu-konsert og synge "Alle vil til Hareid" i staden for "Alle vil til himmelen"
♥ knipe vokalisten i Datarock i rompa
♥ vere i studio og spele inn CD
♥ stå på toppen av Empire State Building
♥ sjå Statue of Liberty
♥ treffe Elton John på shopping i Nice
♥ vere forlovar i eit bryllup
♥ jobbe frilans som journalist og intervjue kjendisar
♥ lære å sette sprøyter på folk
♥ bli med på ein amputasjon
♥ oppleve Smashing Pumpkins live

Dette er noko av det eg vil oppleve:
♥ sjå Eiffeltårnet
♥ vere på Spice Girls konsert
♥ sjå pyramidene i Egypt
♥ finne mannen i mitt liv
♥ bake perfekte makronar
♥ skrive ei bok
♥ prøve å hoppe skihopp (haha)
♥ halde konsert og høyre at publikum kan songane mine
♥ bli kvitt edderkoppfobien min for å kjenne den (sikkert heilt sjuke) meistringsfølelsen
♥ roadtrip gjennom Amerika
♥ dokumentere ein heil sommar gjennom polaroidkamera
♥ bo i slike stråhytter på ei strand på ein varm plass
♥ fare på båttur (og då meinar eg ikkje i robåt)
♥ klappe ein kval for å kjenne korleis det kjennes ut å klappe kvalhud
♥ vere med under ein operasjon
♥ vinne meir enn 100 kr på flaxlodd
♥ bo i utlandet i meir enn ein månad
♥ sjå ein kongeleg person eller ein president
♥ fare til nordnoreg
♥ treffe Jarle
♥ vere med i ein musikal
♥ få eit kyss på kinnet av Didrik

...og mange fleire!

Photobucket

12 kommentarer:

Dagny sa...

haha likte veldig godt timbuktu-konserten! :D Håpe ej kan ver me på den.

Du e kjekke, Anna!! :)

Anna Josefin sa...

hehe, men den e på "ting-ej-he-gjort" lista!! so too late desverre ;)

Bea86 sa...

Kjempefin blogg Anna :) Du skrive so bra!

Unknown sa...

haha ja når ej ser litt nærmare so ser ej no det!

Dagny sa...

haha ej he vist skifta identitet! :D

Anonym sa...

ej hadde dødd om ej pluttselig møtte na Elton John på shopping !

Anna Josefin sa...

hehe, det va ekstremt absurd Ida :D han stengte av Louis Vuitton butikken so han fikk handle i fred!

Takk Beate :)

Maria sa...

Elton altså, for en kar! Skulle ønske han var i Cannes da jeg var der :D

sigg sa...

Don´t just talk the talk, Walk the walk! :D ekje d nåke so heite?? Ej fann ei side der du fæ tak i nymotens polaroidkamera...skal prøve å finne den ijenn! Kan starte me d prosjekte 25 juni! :D

Anna Josefin sa...

deal sigrid! :D

Gitte sa...

Tenkte ej berre skolle sei at du he en sann fine blogg, Anna!:)

Anette Holstad sa...

Du har så fin blogg Anna..

E har vært på spice girls konsert i spekturm, dem dagen Gery ikke ville være med lenger.. Det vakje så WOW! ;) kunna godt tenkt meg på Rhianna.. men må vel bare leve i drømmen ;)

Håpe du har d bra.. savna deg i klassa.. klem! :)