måndag, mars 21, 2011

Nobody said it was easy

Photobucket

Eg meldte meg ikkje på dette frivillig, og eg hadde aldri trudd at det skulle vare så lenge. Eg valgte ikkje å sette livet mitt på vent for å ta ei pause, men det var noko eg måtte gjere då eg vart sjuk. Eg har aldri i mitt liv måtte takla så mykje som eg har gjort det siste året, eg har aldri måtta godtatt eller svelgt så mange vanskelige ting og skuffelsar som eg har gjort. Eg er lei, sint, makteslaus og trist. Det virkar som om alt eg har greidd å opparbeide meg (eg blei jo kaptein for litt sidan veit dokke) er gøymt og begravd ein plass langt vekk i frå meg. Eg har ikkje lyst å syte eller vere negativ her inne på bloggen, men eg skal vere ærleg. Og det er lov å vere sint og skuffa når ein ikkje orkar å få besøk av han som er kjekkast i verda og likar kryssord slik som meg, og som for tida bor i Japan. Då er det lov å grave seg ned i dyna og vente på betre dagar. For dei skal kome.

Eg må klare å tru på draumen, eg må stole på at eg kan klare det eg vil, ein dag. Og eg må tru på at den dagen skal kome. Det er søren meg ikkje enkelt, men har vi eigentleg noko valg? Viss ein ikkje har trua, håpet eller draumen, kan ein heller ikkje skape den framtida ein ønskar og treng.

Become your dreams.

Photobucket

5 kommentarer:

Dagny sa...

Ej he trua på at du klare det, fine Anna!

Maria sa...

Du skalskalskal bli frisk, og jeg gleder meg så til det! Glad i deg <3

K. sa...

Jeg har troen på deg også, Anna! Glad på <3

Anna Josefin sa...

Takk for støtta, fine jentene :)

Ingunn Ekern sa...

Det her skal gå bra. Vet ikke om det hjelper så mye, men jeg tenker ofte og mye på deg Anna!