tysdag, mars 01, 2011

Falling feels like flying, til you hit the ground.

Photobucket
Photobucket

Eg er heilt utslått. Det kjennes ut som all lufta er banka ut av meg. Som eit slag i trynet som kjem innanfrå. Konstant klump i halsen og tårer i augene og ingenting som kan stoppe det. Eg har mista all blogg-inspo, eg har mista muffinsteknikken min, eg orkar ingenting. Har hatt det slik i eit par dagar. Akkurat når ein kjenner kor godt det er å ha det fint, flire og smile, det er då det er hardast å treffe bakken, verte innhenta av det faktum at ein ikkje er så frisk som ein skulle ønske.
Det hjelp så lite å late som.

Ymse snacks sidan sist:
♥ har hatt hjertet i halsen og ein klump i magen mens eg har sjekka nyheitene etter nytt
om Berserk-gutane mine.
♥ i dag våkna eg av Jackie som spydde på teppet mitt...
♥ har fått pakke frå Stoff og Stil, med mykje kjekt nytt stoff. So når eg kjenner meg litt bedre,
skal eg sy igjen!
♥ eg står opp kvar morgon til min nye favorittsong. You gotta get going, you gotta get movin'!
♥ eg og Sigrid har vore på biltur til Volda og gått på kafé.
♥ har hengt opp den finaste kjolen eg har, og gler meg til sommarbryllup! (Meir om dette seinare..)
♥ og sist, men absolutt ikkje minst:
Photobucket

4 kommentarer:

Maria sa...

Hallo mars! Jeg leser på MF i dag (LOL, alt her er som før!) og savner deg! Håper du blir frisk snart, fine du! Jeg er så glad i deg <3

Karoline sa...

sende mine beste tanka til dej! <3

sommarbryllup??

Anonym sa...

Skulle helst ønske det va APRIL ej. iallefall når ej ser ut vinde. arrrghh !

Anna Josefin sa...

heldigvis REGN i dag! :D