onsdag, november 25, 2009

Everything is never as it seems.

I helga var eg i Oslo. Det var rett og slett veldig kjekt å vere der. Vi var på konsert med Mew på laurdagen. Sist eg var på konsert med dei, var eg høge på Mew veldig lenge. Eg trur eg kjem til å ver det no også. Det var fantastisk!
Og etter helga må eg sei det var litt nedtur å kome tilbake til kvardagen eg har heime på Sunnmøre. Det er ofte eg saknar bestevennane mine og Oslo-livet, mens andre gongar kjenner eg at livet er veldig fint heime. Om eg hadde budd i Oslo hadde eg nok sakna folka og ting heimanfrå. Eg syns det er litt vanskeleg, det skal eg ærleg innrømme. Å velge ein plass eg skal leve for å ha det bra. Det vil alltid vere positive og negative ting som virkar inn på kvardagen. Eg har jo budd både i Telemark, Oslo og i Volda. Alle åra var veldig kjekke på kvar sine måtar, men korleis skal eg vete kvar eg har det best? Det som har prega åra er folka eg har budd med og vore mest i lag med. Men eg trur eg har innsett at det aller viktigaste er å tenke på kva som gjer at EG har det bra. Då meinar eg skikkeleg bra, og ikkje ei god blanding av å ha det kjekt og vere lei. Og ikkje tenke på kvar eg har flest vennar eller flest ting å gjere på. VEL. Nok om ditte. Eg tek eit år i gongen. :)

Etter at eg kom heim, har eg neste berre høyrt på musikk. Eg har ikkje gjort noko skulearbeid. Men i morgon. Kanskje.
I dag har eg laga til bilder på veggen min. Mine favorittar.
Eg er veldig glad i dokke, bestevennane mine. :)





4 kommentarer:

Arne sa...

Det va en koselige blogg!

Arne sa...

Må legge t at eg skjønne veldig godt problematikken me å velge bosted. Det beste då e nok at alle flytte t Rogaland.

Maria sa...

Det var en fin plakat, Josefin! Det var heavenly å ha deg på besøk, og jeg føler meg heldig som får lov å henge på veggen din som en av dine "favourite things" :D

Anna Josefin sa...

perfekt! då e det bære å gifte sej me na anders mikalsen å flytte til rogaland då.

alt med Oslo va heavenly!!