onsdag, april 13, 2011

Franske makronar

Photobucket

I går baka eg makronar, og desse blei mykje bedre enn forrige gang! Faktisk dei beste eg har laga. Så her skal du få oppskrifta, slik at du kan bake og kose deg med franske makronar på ein fin onsdag.

Makronar:
(gir omtrent 10 heile makronar)

♥ 50 g mandlar
♥ 50 g melis
♥ 30g sukker
♥ 1 eggekvite (romtemperert)
♥ farge/smak

Mal opp mandlane til heilt fint mandelmjøl, og bland med melisen. Sett til sides.
Pisk eggekviten stiv, og når du ser den begynner å bli kvit kan du tilsette sukkeret litt og litt.
Sikt mandel- og melisblandinga i eggekviterøra, og bland forsiktig med ein slikkepott. (Ikkje rør for mykje, då forsvinn all lufta ut.)
Tilsett det du vil av smak eller farge.
(I sjokolademakronane tok eg i to teskeier med kakao, og i dei mintgrøne tok eg i to dråpar med blå konditorfarge.)

Ta røra i ein plastpose, og klipp hol i enden. Sprut ut "klattar" så store som du vil makronane skal ver (telys-størrelse er fint) på ei bakeplate med papir.

Så til dei viktigaste triksa for å få perfekte makronar:
1. La egga vere romtempererte (eg brukar å sette dei ut av kjøleskapet dagen før eg skal bake.)
2. La makronane kvile på bakeplata i 30 min før du steiker dei.
3. Steik med ei ekstra bakeplate under, slik at dei ikkje vert så godt steikt på undersida.

Steik på 175 grader i 12 minutt.

Krem:
♥ 50 g smør
♥ 1-2 ss peanøttsmør
♥ 0,5 dl melk
♥ ca 150 g melis (her må du berre prøve deg fram, kor tjukk du vil ha kremen etc.)

Berre å blande alt godt saman. I dei mintgrøne makronane brukte eg dette fyllet, men tilsatte kakao for å få sjokoladesmaken også.

Det ser kanskje avansert ut, men det er eigentlig kjempeenkelt og fort gjort. Og SÅ godt. Mm!

Photobucket
Photobucket

7 kommentarer:

Maria sa...

Nammmmmmmmmm!

Mariann sa...

Åh nam!! Ditta innlegget e pining å lese en sein ettermiddag i forelesning;)

Anna Josefin Jønsson sa...

Du for lage dei til kveldskosen då Mariann ;)

Kaja sa...

Å fy flaaate! De så sykt digg ut!!

Anonym sa...

Mmmmmm. Can you please make some for my wedding? :)

Ingunn sa...

Jeg er den anonyme her, Anna.
Hilsen fra Ingunn Ekern.
vet ikke hvorfor googlekontoen min ikke funker. *crying*

Anna Josefin sa...

Haha :D
Ja, selvfølgelig kjære Ingunn Ekern, ej kan lage makrona til bryllupet ditt! Hekje du bestilt muffins mæ en gong..?