søndag, april 03, 2011

Fearless

Fint ord. Fryktlaus. Er det noko eg har lært av å vere sjuk, er det at ein ikkje kan ha kontroll på alt, ikkje alltid kan ha oversikta og vite kva som kjem rundt neste sving. Eller korleis ein har det om berre ti minutt, ikkje kan vite korleis ein har det om morgonen når ein våknar. Og det er noko eg har tenkt på i det siste. Om det å vere engsteleg, redd for ting. Det gjeld ikkje berre meg, eg trur alle har små ting som hindrar ein i å gjere ting, oppfylle draumar, flytte til ein annan plass, søke skule, ta tatovering, eller reise på langtur. Eg tenker ofte på ting eg har lyst å gjere, men så tenker eg også "tenk viss...", og engstar meg for ting som kan skje. Enten det er kva andre syns og meinar, eller meir konkrete ting som kan gå gale. Men skal ein gå rundt her i livet å vere redd for ting som kan skje, kjem ein ikkje så mykje lenger enn til utgangsdøra. Av og til er det kjempevanskeleg, men eg trur ein veks på kvar ting ein kan krysse av på lista. At det er ein styrke som veks inn i deg når du veit at du kan meistre det du har bestemt deg for å gjennomføre. Det skal vere litt skummelt, og ein må satse litt. Tenk på alle fine tinga som fins der ute. Lukta etter det har regna, augene til han som er finast, songar som gjer deg heilt varm på innsida, kattungar, solnedgangen ein sein sommarkveld og sommarfuglane i magen.

Be fearless.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

You take my hand and drag me head first, fearless.
And I don't know why but with you I'd dance in a storm in my best dress, fearless.

3 kommentarer:

Anonym sa...

woot woot <3

Karoline sa...

<3

Julia sa...

Nydelig Anna! Og heilt sant:) Ingen opptur uten ein nedtur, og til meir bekymring...desto meir GLEDE når ein lykkast <3 Og vakrast av alt; Dei bitte,bitte små tinga i livet som nytrakta kaffi når ein står opp;-D Ønska deg ein kjekke dag!..og husk: Fokuser på Målet, ikkje alle hindringane:) Det sei ej til mej sjøl KVAR dag + at ein tanke skelden er unik...tenk på den! Det du tenke er det tusenvis av andre som tenke...