fredag, april 08, 2011

Svar på spørsmål!

Ja, då har eg endelig svart! Kos dokke, stalkers. :)

♥ Biter du negler? he he ..
Niks, det kan eg med handa på hjertet sei at eg ikkje gjer! Men eg klippar dei heilt korte og tek på neglelakk.

♥ Kan du svare på videoblogg??


♥ Finaste gutenamn og jentenamn du veit? (Altså det du ville ha kalla sonen/dottera di)
Gut: Lars Christian (fordi eg elskar dobbeltnavn, navnet Lars og Christian etter min bror.) eller Henrik, etter min morfar.
Jente: Viktoria, Sofie, Mia. Har eigentleg ingen spesiell favoritt her.


♥ Viss du kunne velja, kva slags dialekt ville du ha snakka?
Sogning eller Kristiansand.

♥ Ka farge bruka du mest på sokkane dine?
Favoritten er heilt kvite sokkar, men eg har nettopp fått fem par med striper og prikkar i pastelfargar som har blitt ein konkurrent.

Photobucket

♥ Ka du tenke når du ser på sengekleda dine?
Eg likar veldig godt fine sengeklede, så som oftast ser eg på senga og gler meg til å legge meg. Haha. Slik er senga mi i dag:

Photobucket

♥ Kar villa du helst ha reist AKKORAT no å koffor?

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Eg har lyst til New York for å gå i lave vårsko, ligge i central park og gå på kafé og på musikal, eller til Paris for å gå på museum og spise is. Men akkurat no har eg likevel aller mest lyst til å reise til Oslo for å henge med alle eg er glad i.

♥ Ken ha du villa reist me?
Eg ville reist til NY i lag med bestevennar, noken som ikkje stressa rundt men som var ute etter å få det same ut av turen som meg sjølv. Til Paris ville eg akkurat no reist med deg, Sigrid, fordi du likar kunst og museum og kafé like godt som meg. Dessuten hadde du trengt fransk kvalitetstid med meg og ein husmorferie. Til Oslo ville eg reist åleine, for å besøke alle eg kjenner, og for å ha den friheita til å kunne ver der så lenge eg ville.

♥ He du ei bok å låne mej?
Hehe, ja Sigrid, eg er akkurat ferdig å lese "Skyggelandet" av Tom Egeland. Den var spennande, og lettlest.

♥ Kor lenge er det lengste du har gått utan å dusje?
Hm, det veit eg egentlig ikkje. Ei veke kanskje? Har ikkje vore verken i Afrika eller vore i andre situasjonar der dusjing har vore nedprioritert!

♥ Brukar du å sjå totalt meiningslause program på TV (Paradise Hotell t.d.) for å få tida til å gå?
Ja, eg elskar å sjå på tv-seriar. Helst sesongar der eg berre kan sette på ei ny episode med ein gong. Paradise Hotel er min gulty pleasure eigentlig. Eg begynte å sjå då eg ikkje orka anna enn å ligge på sofaen, og då såg eg mange episoder på rad for å få tida til å gå. Det er deilig med enkel underholdning som tek tankane vekk ei lita stund.
Og apropos Paradise, har du sett denne bloggen?? LOL!


Photobucket

♥ Er du enig i p3-avstemminga som kåra moldedialekta til Norges mest sexy?
Haha, nei! (Sorry Daniel, ein moldensar i frå himmelen.) Gi meg ein gut som snakkar Sogn og Fjordane.

♥ Hvis du skulle vært et dyr, hvilket dyr ville du vært?
Då ville eg vore ein pusekatt. Fordi dei er morsomme, bedagelige og får mykje kos.

Photobucket
Photobucket

♥ Hva syns du om converse-skoa som det står "This is not a shoe, it's a mania" på?
Eg skal ikkje kjøpe dei, for å sei det slik. Kanskje om eg hadde vore 14 år og emo! Er meir enn fornøgd med mine kvite converse! :D

♥ Hva er den beste tv-serien du vet, eventuelt topp 3? Noe å anbefale?
For øyeblikket er The Big Bang Theory favoritten min, har akkurat kjøpt dei to fyrste sesongane. På ei topp 3 liste trur eg at eg hadde valgt House, Private Practice og The OC. House fordi han er helten. Private Practice fordi ein blir heilt oppslukt i folka og settingen og pasientane og kjærleiken. The OC på grunn av folka, musikken, California og Seth Cohen. Ellers har eg aldri sett så mange seriar som eg har gjort det siste året, det har redda meg mange gongar! Å sjå ei episode no og då, eller sitte ein heil dag med maraton. Deilig avslappande. Ellers likar eg veldig godt Greys Anatomy, One Tree Hill, Sex and the City (høyrer egentlig med på topp 3 altso), Gossip Girl, Heroes, Big Love og How I Met Your Mother. Viss du ikkjer har sett House, Ingunn, så anbefalar eg det! Blir hekta!

Photobucket
Photobucket

♥ Kjære Anna, kan du legge ut bilder av tre hotte menn... tre av de hotteste menn du vet! TAKK :)
Det var vanskeleg å velge tre stk her. Men Leonardo Dicaprio er defeinitivt på fyrste plass. Som Romeo, eller Jack Dawson i Titanic. Egentlig heile tida. Og Jude Law må også med, utan tvil. Og Ashton. Men eg slenger med eit bilde av Nate og Dan frå Gossip Girl også, som ein liten premie til deg.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

♥ Og, siden vi er i topp-tre humør, hvilke tre sanger gjør deg aller mest glad? Noe du kommer på i farta.
No om dagen:
- Veronica Maggio med "Jag kommer"
- The Weepies med "World spins madly on"
- The Script med "Nothing"

Generelt:
- "Give up the funk"
- Glee Cast med "My life would suck wothout you"
- Maria Mena med "Blame it on me"


♥ Hvilke blogger leser du/følger du med på selv, og vil du fortelle litt om hva du liker/ikke liker med dem?
- Hjartesmil: denne har eg lest lenge. Eg likar nynorsken, stemninga, dei fine bilda og at det ho skriv faktisk er interessant, og ikkje berre "mine nyaste innkjøp frå h&m" eller outfits. Eg føler eg kjenner jenta bak bloggen, Mariell, fordi ho skriv så fint. Ein gong såg eg ho og kjæresten i Oslo, blei nesten litt starstruck.
- Livingdoll: fordi eg er misunnelig på alle Chanel-veskene og skoa hennar. Ho gir meg litt luksus i kvardagen. Eg likar veldig godt at ho skriv så ærlig om alt, og det er interessant å følge henne på bloggen. Så er ho veldig søt!
- Pernille: ho er ikkje "kjendis" innen blogg, og det likar eg. Ho skriv så mykje fint, og har fin tatovering på ryggen sin. Hehe.
- Camilla Pihl: moteblogg, men ikkje "dagens outfit" i kvart innlegg. Mange bra tips og triks!
- Myldretid: har lest denne bloggen lenge, og på same måte som med Hjartesmil, føler eg at eg kjenner Ina. (Ho har faktisk kommentert på bloggen min ein gong, blei litt starstruck då også!) Ho likar neglelakk like mykje som meg trur eg, og det er morsomt å lese om kvardagen hennar.
- Atti Nugatti: sist men ikkje minst! Astrid er Birte sin BFF, og eg er fast lesar! Ho har mange fine bilder, og ein fin kvardagsblogg.


♥ Ka heite favoritt boka di? om du he ei da..
Det er Harry Potter bøkene. Fordi det fins ikkje noko lignande. Eg vart frelst frå fyrste bok, og den siste boka las eg på nokre dagar. Heilt magisk.

♥ Kan du legge ut bilde av ditt beste arbeid (altså enten ei side i ei scrapbook, en plakat av ett slag eller kanskje noke du he strikka)?
Hm, mitt beste arbeid. Eg har jo lagt ut bilder av ting eg har strikka, og det eg er mest fornøgd med er kanskje den blå jakka eg strikka til meg sjølv. Eller mariusgensaren eg strikka til Celina. Og då eg sydde, ikkje mindre enn, sju brødkroger til jul. Ellers har eg laga meg ein inspo-perm der eg har teikna og klipt ut fine ting, den er eg veldig fornøgd med! Er det lov å ta med bakeverk? Då tek eg i sofall med desse cupcakesane også!

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

♥ K e ditt beste teknologiske kjøp?
Trur kanskje eg svarar Mr. MacBook her. Ingen over i allefall. Er også ekstremt fornøgd med iPaden min!

♥ Muffins eller Walters?
Ja takk, begge deler! Mine Walters mandler muffins:

Photobucket

♥ Pest eller kolera?
Ingen av delane, men eg reknar med det ikkje er lov å svare. Så...pest..? Har meir enn nok med mine eigne plager!!

♥ Hode som en fisk eller nedre halvdel som en?
Æsj! Dersom eg måtte velge, hadde eg valgt havfrue! Altså nedre halvdel som ein fisk, men då måtte eg ha fått vore havfrue.

♥ My chemical romance eller creedence?
My chemical romance på vidaregåande, Creedence i dag. På grunn av Bruce Willis i Die Hard 4.

♥ Japan eller Amerika?
Amerika! Har veldig lyst til Japan ein gong, men i det store og heile er eg meir glad i Amerika. Har lyst på roadtrip gjennom USA ein gong! Ellers elskar eg NYC, og skal definitivt tilbake dit.

♥ Eige en mac, men kun måtte spille vikinggarna på den eller eige en pc og kunne spille Rolling Stones og Odd Nordstoga?
Mac, uten tvil. Uansett crappy musikkvalg å velge mellom der, Arne. Musikk kan eg høyre på anlegget mitt. ;)

♥ Ka e det eklaste du noken gong he sett?
Det var då eg var i sjukepleiepraksis og fekk vere med på ein amputasjon. Ein pasient måtte amputere storetåa fordi den var råten og død, og berre beinet stakk opp etter at tåa var fjerna. Vi studentane måtte studere den avkutta storetåa, og DET er det eklaste eg har sett i mitt liv. Men ganske stilig likevel!

♥ Ken e den eklaste personen du veit om?
Arne Marcussen som var med i Hotel Cæsar ei periode (omtrent då Juni var alkis). Trur eg svarar det. Vanskelig spørsmål ass!

♥ Syns du eklaste e eit rart ord?
Hehe, ja når du sei det mange gongar på rad so!

♥ Kan ikke vi begynne å si "mjau" istedet for "men" når vi snakker? For eksempel: Jeg er glad i kakao, mjau mest av alt når det er kaldt!
Jo det kan vi selvfølgelig, mjau eg trur det kan bli litt tungvint? Det hørtes unektelig fint ut da.

♥ Hvis du måtte velge, hva ville du helst studert på heltid av matte (på HØYT nivå) og latin?
Då hadde eg valgt latin. Fordi eg har alltid vore fascinert av latinsk, og her ein dag tenkte eg faktisk for meg sjølv "det hadde vore kult å studert latinsk altso!". (Eg sat å tenkte over at den heilage ande var spiritus sancti på latinsk.) N.E.R.D.

♥ Viss du he hørt "and the crowd goes wild", ka følte/tenkte du når du hørte den?
For dokke utanforståande kan eg opplyse om at "and the crowd goes wild" er ein CD som Jorunn og eg spelte inn på vidaregåande. Vi tok opp med min dåverande mp3-spelar, og spelte gitar sjølv. Vi laga til og med ein liten medley av "Idyll" og "Hodet over vannet", som vi kalla "Idyllen over vannet". Hadde først tenkt å legge ut eit klipp her, men eg trur eg står over. Haha. Eg fikk nettopp ein kopi av Jorunn, eg har nemlig ikkje hørt den sidan vi laga den nesten. Eg flirte høgt, blei litt flau, men var mest glad og takknemlig for alt vi fann på vi to.

♥ He du plana for påska?
Ingen plana, skal berre henge med alle dokke som kjem heim til Hareid. Er klar for ein kveld med deg, Jorunn! Gler meg til å sjå lisje Ole Johan igjen, og til å kjøpe årets fyrste milkshake på Mix med Karoline.

♥ Viss du konne jobbe som akkorat d du ville, sleppe å utdanne dej til d og å søke å få jobb som d. ka ville du jobba som/med då?
HM. Vanskelig! Kanskje operasjonssjukepleiar? Eller ape-ansvarlig i dyreparken. Eller personlig assistent til John Mayer. Eller ein slags jobb ombord Berserk så eg og Jarle kunne reist verda rundt. Eg har egentlig ingen draumejobb, eller høge ambisjonar som f.eks å bli høgsterettdommar. Eg vil jobbe med noko som gir meg noko, som er kjekt og som eg gir meg mange minner og erfaringar.

♥ He du sett na Thomas (som he en skrue laus) i det siste?
Nei, han er det ei stund sida eg har sett altso. Men eg trur han har det bra. :)

♥ Konna du ønskt du hadde minigolf i hagen?
Åh, ja det hadde vore fantastisk! Då skulle eg blitt dritgod! Ser for meg seine sommarkveldar med grilling og minigolf. Utkonkurrerar utan tvil crocket/kråkket!

♥ Kleia du på nasa no?
Nei, gjer du?

♥ Kan ej kome på kosebesøk på gjerda i påska å få verdens beste klem?? :D
Du er meir enn hjertelig velkomen, fine Kristin!! :)

♥ Kven av jentene i Spice Girls ville du vore for ein dag?
Åh, dette var vanskeligare enn eg hadde trudd! Eg trur eg svarar Posh-Spice, Victoria, for då kan eg kline med David Beckham.

Oh, hello there!

Photobucket

♥ Kva er favoritt middagen din?
Enchiladas eller tacopai. Taco generelt. Uten tvil!

♥ Og til slutt, mogleg det er eit litt for seriøst spm ditta, men kva for sjuk er du? Er det ME?
Eg har tenkt lenge fram og tilbake om eg skal skrive om sjukdommen min her på bloggen, men har til no ikkje vore tøff nok til det. Det blir så offentlig om eg skriv åpent om det her, då veit alle alt. Eg er åpen om det altså, men eg har valgt å sette grensa her. Eg kan skrive om det når eg kjenner meg frisk, komt forbi det, har vunne alt eg kjempar mot. Alle som kjenner meg veit kva eg går gjennom, og om du treff på meg kan du spør meg så skal eg svare. :) Det er ikkje ME, heldigvis.

♥ Topp 3 konsertar du har vore på?
- Smashing Pumpkins i spektrum
- den fyrste Mew konserten eg var på, i 2006
- delt mellom Thomas Dybdahl i oslo og National Bank i volda. (Thomas på begge, så regnar med det går greit.)


♥ Topp 3 konsertar du ønsker å oppleve?
- Spice Girls. Eg hadde gitt MYKJE for å oppleve dei live!! Heilt sant!
- Foo Fighters (då MÅTTE dei spelt "Aurora".) (Og ja, eg veit dei kjem til Noreg, men Sigrid skal gifte seg då.)
- John Mayer


♥ Fredrikstad eller Halden?
Sarpsborg (og Aarmo's) 4----> !!

♥ gul cola eller svart fanta?
Gul cola, for cola er ikkje frukt! Svart appelsin blir berre feil.

♥ Scream 2 eller Fryktens sommmer 2?
Hehe. Scream 2, fordi eg ikkje har sett Fryktens sommer 2. Men Fryktens sommer 1 der i mot, var gull.

♥ Synes du det er fint med fregner?
Ja, det syns eg er veldig fint! Skulle nesten ønske eg hadde det sjølv.

Photobucket

♥ Kva var det beste med å gå på Sagavoll? Og det verste?
Å gå på Sagavoll Folkehøgskule er det beste valget eg har tatt til no i livet mitt. Det beste med det var dei kveldane det ikkje skjedde noko, men likevel var det dei som inneheldt mest minner. Alle påfunna, smila, tårene og latteren. Eg veit det høyres fryktelig klisjé ut, men det er slik det er. Og at du får bestevennar som du veit vil vere der resten av livet ditt. Dei siste vekene var dei aller beste, då alle ønska at tida skulle stoppe. Det var sommar og kjærleik overalt og ei ekte sårheit i alle som visste at det gjekk mot slutten.
Det verste med det er at du får bestebestevennar som kjem frå heile landet, og at det ikkje er til å unngå at ein til ei kvar tid saknar nokon. Og tenk at det er det verste, då var det bra.

9 kommentarer:

Birte sa...

HEHEHE!! :D Good job!

Maria sa...

Æææsj, stortåa var ekkelt!!!!!!! Glad jeg ikke var der! Men jeg håper du blir frisk fra lungebetennelse asap! (Og skriver et lille brev til meg :D )

Arne sa...

Du e goe Anna!

Mjau sa...

(Så innmari søt du er i videoen din!)

Anna Josefin sa...

Shit man, heilt glømt at det e min tur å skrive brev!!!!!!!!!!!!!! OMG! skal sjå ka ej fæ til ej, Mjau :)

Anonym sa...

ååå så hyggelig skrevet om meg. Nå smiler jeg for meg selv på et rom i Skottland:) TAKK!
Ha en finfin dag!

Anna Josefin Jønsson sa...

ÅÅÅÅ, Hallo Ina! :) hadde aldri drømt om at du leste det ej skreiv der! haha, blei nesten starstrucked igjen! He lest bloggen din lenge. Kos deg vidare i Skottland :)

Ingunn sa...

Finfinfinfint innlegg :) Veldig happy med diCaprio!

Anonym sa...

ÅÅh! kan du legge ut oppskrifta på dissa muffinsane?? Både cupcakes og walters mandler muffinsane?? :D dei såg so gode uuut!! :D