fredag, april 15, 2011

I got 99 problems and this blog is one

Det var med forferdelse og lettare panikk at eg i går oppdaga at alle bilda mine på bloggen har blitt erstatta med ei melding om at eg må oppgradere til Photobucket Pro. Min fyrste tanke var "WTF?", og eg såg for meg at no var det slutt på bloggen. Har nemlig hørt om ei som ikkje kunne blogge meir på sin blogspot-blogg, fordi bildegrensa var nådd. Igjen, WTF? Akkurat no når eg har fått så mange fine lesarar, og føler at denne bloggen er på vei opp og fram! Men etter litt research (google) fann eg svaret. Ikkje overraskande kom eg inn på ei nybakt-mamma-forum side (der finn du seriøst ALLTID svar!!), der noken heimeverande mødre hadde det same problemet som meg. Og då viser det seg at eg på Photobucket har nådd mi månadlege (dette ordet blei rart uansett korleis eg skreiv det. Måntlege? Månlege?) grense på 10 GB, fordi eg har linka til bilda og dokke har gått inn på dei. Eller noko sant (litt usikker på detaljane her). Det kan vere på grunn av at bloggen har fått mange fleire lesarar enn den hadde for eit år sidan (wohoo!). Eller kanskje eg tok knekken på systemet då eg svarte på spørsmåla dokka i det lange innlegget. Uansett. Den grensa eg har, restartar seg sjølv ein gong i månen, så etter litt meir research fann eg ut at den 22. april er bilda tilbake her på bloggen til alles fornøyelse, og alt er som før. I mellomtida har eg ein reservekonto, så du kan ta det heilt med ro, her kjem fleire bilder!!

Ellers har eg den siste veka ligge med lungebetendelse, så eg er superslapp og ikkje heilt i strøk kan du sei. Heldigvis har eg Sheldon Cooper ved mi side, og i tillegg har verdens beste Karoline komt heim på påskeferie så ho held meg med selskap!

So, till we speak againg:

Photobucket

3 kommentarer:

Maria sa...

Hihi, Sheldon er kul!

Birte sa...

For en lettelse!!
<3 u

Ingunn sa...

Hahaha! Beste tittelen! :D

Du er en bra blogger Anna, ILU and your blog, kom deg opp på topplista ASAP! :)

Jeg sitter forresten inne på Kvinneguiden selv, in this very moment, er nok innom en av de barnimagen/nybakt mamma/mammaforum-sidene flere ganger enn jeg skulle ønske, daglig..