Søndagar er gode og fine. Alt går pittelitt saktare enn alle andre dagar. Spesielt når Jamie Cullum med "gran torino" kjem ut av høgtalarane. (Det er den sangen som er på rulleteksta til Gran Torino, forøvrig ein bra film.) Og Cullum er også bra. I dag.
Ellers har eg Greys-maraton for meg sjølv. Og sender bilder til framkalling. Og gler meg til at kjellarstua er ferdig oppussa. Eg skal ha lysekrune i taket, anatomiplakatar i rame og andre kjekke bilder på veggane. Eg skal ha fine puter og gode pledd. Eg skal ha høg musikk når eg er glad eller sint, og roleg musikk når eg til dømes halvsøv eller dagdrøymer. Eg skal sjå fine filmar og skumle filmar. Eg skal flire der og grine der, åleine eller saman med andre.
Eg gler meg.
Set på Gran Torino, du.
Her kjem nokre kjekke bilder eg fann då eg samla saman bilder til framkalling:
(ikkje alle bilda er tatt av meg, men alle gjer meg like glad.)
3 kommentarer:
ELIAH E SO SØTE !!
jaaaaa :))
Thomas og Silje er fine! Og det blir sikkert rommet ditt også. Jeg venter stadig på bilder jeg aldri får, bilder som jeg tok med det lille blå kameraet mitt i fjor. De er på vei, sier foto-folka, men det er lenge lenge sida jeg sendte dem inn.
Legg inn en kommentar