tysdag, september 22, 2009

Sometimes i've got nothing to say, nothing to sing about that makes you lie awake.

Etter dei forrige innlegga, som eigentleg er muntre og positive, kjem no eit lite innlegg der eg presiserar at alt ikkje berre er feiande flott. Eg har mellom anna hatt ein råten dag i dag. Det har regna enormt mykje, det bles, det er kaldt og eg er ikkje heilt i form. Skuledagen var kjedelig, og etter skuletid har eg kun oppheldt meg enten på stua og sett tv, eller på rommet og høyrt høg musikk. Eg har sakna alle mine kjære i Oslo, og eg har sakna kvardagen slik den var for nokre år sidan. Eg har vorte lei og oppgitt over kvardagen eg har no, med pendling, uver og litt mindre sosialt liv. Eg er lei av alt som har grunnleggande framfor seg, eg er lei lekser og oppgåver, og eg er lei av å stå opp tidlig. I dag. I dag er eg lei alt dette. Og eg veit at i morgon er eg ikkje lei, for i morgon er ein ny dag og då ser eg annaleis på ting. I morgon skal vi mate kvarandre på skule, og pusse tenna på kvarandre. I morgon er det onsdag. I morgon skal det ikkje blåse so mykje. I morgon skal eg ringe ein eg saknar. I morgon.
I dag set eg på Mew - Repeaterbeater veldig høgt på anlegget, og gir meg sjølv lov til å ikkje ha det feiande flott.

4 kommentarer:

Maria sa...

Jeg er glad i deg i går og i dag og i morra også!

Anna Josefin sa...

Du e best! :)

Karoline sa...

ej e glad i dej i dag også! :)

Ingunn sa...

Savner deg Anna!
Har du lyst til å komme en tur til Volda? :)