søndag, juli 19, 2009

Hello.

No ligg eg i senga mi på rommet mitt med Jonas Brothers på anlegget (!!!!!)......Jackie ligg under senga, og eg er fornøgd med livet. Eg er kjempetrøtt, det er like før eg sovnar her. Har hatt jobbehelg, noko som inneber at ringeklokka ringer kl 05:55 på morgenen.
På ein søndag. Shit man.
Ellers er det i grunnen ikkje så mykje nytt å melde. Karoline har reist down under ( :( ), og eg føler generelt at få er heime i sommar. Dessuten føler eg også at sommaren snart er over. (Men vi er vel berre halvvegs?) I tillegg til alt dette har eg kjøpt meg Sims 3 som eg ikkje får spele. Katastrofalt. LOL-Mac med for "dårlig" drit. Haha, gidd ikkje sette meg inn i saken, så eg har alliert meg med meir kyndige folk. Det er ikkje aktuelt at det ikkje skal funke. Så vent i spenning på oppdatering om den saken.
Over til litt meir lysbetont informasjon. Eg og Sigrid var i byen tidlegare i veka, og eg tok AV (mildt sagt) på gina tricot. Gensarar og tigths og kjolar og toppar og you name it. I tillegg var det nyåpna Sessions butikk med det uimotståelige tilbudet "Ta 2 for 1" på nesten alt. Dette resulterte i at vi kjøpte oss kvar sitt sko-par, og ingenting fryda mitt sko-hjerte meir. Eller, faktisk fryda det seg litt til i og med at det ikkje var kva som helst sko-par eg kjøpte. Eg kjøpte raude Vans med knyting. Klassiske tøysko. Som eg har ønska meg i månedsvis. Sigrid kjøpte kvite. Gjett om vi var fornøgde og opp i øs og eg veit ikkje kva.
På den andre sida har denne bytur-utskeiinga ført til dramatiske spare-tiltak. Men det går fint! :D

(No har Hallelujah-gutane (Lind/Holm/Fuentes/Nilsen) komt på anlegget.) (Easy Lover er jo faktisk ganske kul.)(Eller?)

I det siste har eg også fått føre meg at eg skal sjå alle Harry Potter filmane, og det har eg no gjort. Og eg må berre få sei det, Harry er jo kongen! Herlighet, blir heilt amazed av alt. Får veldig lyst til å gå på Galtvort og verte kjærast med Ron.
No gler eg meg berre til å sjå 6. filmen på kino.

Og ein ting til: eg kom inn på sjukepleia, og er ei fornøgd jente. :)




Ååå, Ron. Skulle hatt ein tryllestav så eg fekk trylla meg til Galtvort.
(Jada, eg innser at eg har vorte HP-nerd.)




2 kommentarer:

Maria sa...

Shit man, har du snakka mye hmed Kæri i det siste du eller? Så søte jenter på de siste tre bildene :D

Anna Josefin sa...

nei, he ikkje snakka me kærbiz in ages! :O ka da?