torsdag, juli 30, 2009

Mitt liv som museumsvakt.

Jaja, folkens! I dag er eg tilbake som museumsvakt på Ishavsmuséet.
Det er som vanleg ein jobb fylt av uventa hendingar. Til dømes kan eg melde om då eg skulle vatne blomstrane utanfor, låg der ein død spurv på bakken. For eit trist syn. Eg har også hatt besøkande med franske rabatt-kort, besøkande som har kjøpt brus og besøkande som har kjøpt bøker. Isbjørnane står like skremmande, men troskyldige, på plassane sine enda. Soundtracket til muséet i dag er, ikkje overraskande, Hallelujah-gutane. Oh, baby you're so cool på anlegget er ikkje feil.
I tillegg til alt dette har eg fått besøk av nokre skate-kids som har rigga seg til med rampe utanfor. Herlighet, kor søte dei er.
No trur eg at eg skal sette meg ned og lese litt om Harry Potter og Dødstalismanene. Hade!



4 kommentarer:

Maria sa...

Jeg så nettopp på bildene av oss som små søte skatekids (i fjor). Jeg ønsker meg den versjonen av Sleeping Lessons som du har på mixpoden din jeg, den er så fin.

Anna Josefin sa...

vi e jo små søte skatekids enda, mary! ;)
veit, ej lika i grunnen den bedre enn den andre versjonen!

K. sa...

Digger isbjørnen:D

lisjesysta :) sa...

oppdateriiiiing !:D