måndag, februar 13, 2012

For mange tankar å tenke

Life aint perfect if you don't know what the struggle's for.
Falling down ain't falling down, if you don't cry when you hit the floor.


Klokka er alt for mykje, men egentlig betyr det ingenting kva tal ho viser til deg. Det er ulogisk å legge seg, men så er det jo ikkje så mykje som er logisk med noko som helst for tida. Kaoset tek over, og den vesle tanken du hadde som heldt deg fokusert, blei sugd inn det så altfor uforståelege dragsuget. Nokre legg seg med stigande promille, men det er søren meg ikkje godt å legge seg med stigande fortvilelse helder.

It's a crazy situation when you notice you get used to all the pain.

Og kva kan ein gjere? Når ein blir overmanna av det ulogiske, og draumane du tenker på forsvinn i kaoset? Det er ikkje så lett å holde motet oppe då, det er ikkje så lett å tru på dei helder. Men eg har lært meg å bli bestevenn med natta. Eg er lei av å ligge våken å sjå ut i mørket, å vere redd for å ikkje få sovne. Når det er for mange tankar å tenke, ja då kan ein ikkje legge seg til før ein har tenkt litt og ordna opp litt. For det skal ikkje så mykje til, når ein fyrst gir slepp. Når ein blir natteravn. Og stjernene er utallige der utanfor vindauget, og ein kan sleppe fri alle tankar som lagar kaos. Sende dei opp og ut, og vere ferdige med dei. Og når det meste er ulogisk, så kan ein drite i klokka og helder skrive eit slikt blogginnlegg, mens ein høyrer på fine songar, og kanskje kan ein kome seg laus i frå dragsuget av tankar, og fokusere på draumane sine igjen. Draumane som kan bli virkeligheit, som kan bli eit mål. Få kontrollen igjen. Så kanskje kan ein fylle hjertet, og hovudet, med ro igjen, i staden for altfor mange tankar.

Photobucket Pictures, Images and Photos

Ingen kommentarer: