torsdag, mars 29, 2007

Can I talk to the prettiest girl in Oslo? Oh, is that me?

Jepp, og her kjem eit lite og kanskje litt absurd referat frå då mi mor, min bror, Lena, Kristin og undertegnede tok den 10 timars longe turen frå Hareid til Oslo.

Vi starta med godt mot, pastellfarga gensarar og god stemning i golfen.
(Legg spesielt merke til sjåføren sine festlige briller.)















Vel framme i hovudstaden var det klart for bytur i vårsola. På bildet ser du Aarmo, meg og Østrem.















Etter litt om og men, bestemte vi for å driste oss til og ta turen til Ikea Slependen. Dette skulle vise seg og ikkje vere så enkelt som fyrst antatt. Men på bildet ser du iallfall to stolte frøkner; Karianne og Eli-Sølvi fann vegen til slutt. Etter ein ekstra tur i Lysaker og ein tur innom Jar, kom vi endeleg på rett veg, og stemninga var høg då vi såg det gule og blå bygget.















Då kvelden kom dukka folka opp, og vi laga pizza og kosa oss i Bråten. Ein særs morosam kveld, og eg vil sende ei spesiell takk til Karianne Aarmo, som verkeleg var i slaget.

I tillegg til å gje meg tittelen 'vakraste jenta i Oslo', gir eg meg sjølv eit ekstra klapp på skuldra for å kunne vere den fyrste som kan publisere eit vaskeekte og ikkjemanipulert kysse-bilete av det forelska og våryre paret:















Karianne, stakkar, har ingen å kysse på så ho må ty til eigne hjelpemiddel:















Men så er det ikkje så mange andre som kan seie at ein er ein skodespelarinne frå 50-talet:















Vi starta reisa opp igjen til Møre tidleg søndags morgen. Men turen starta heller dramatisk, då Golfen rett og slett takka for seg og ville ikkje køyre lenger. Det var ikkje aktuelt å få start på han ein gong, snakk om stabeist. Som menneske, og han som bil, var det ikkje stort vi kunne gjere der og då. Heile episoda endte med at Naf kom og henta han, og so vidt eg veit står han framleis i Oslo. Dramaqueen. Vi fekk i all fall ein flott Opel stasjonsvogn til rådigheit heim, og ingen av oss slit med posttraumatiske skadar etter hendinga.















Så no er eg vel heimkomen, sola skin og våren har verkeleg inntatt Hareid.
Eg håpar veret held seg i påska, og gler meg stort til å sjå folk igjen! :)
Eg vel å avslutte med nokre bilete av det nymala rommet mitt. Signe maten!




8 kommentarer:

Anonym sa...

tusen takk:) nå fikk jeg en ny glede i livet mitt!! hvorfor har jeg ikke hørt om bil-greiene..det var jo faktisk nesten dramatisk..! jaja..hade

Anna Josefin sa...

fint at mitt liv e din faste glede-bidragsytar! :) ja, men det va bære nesten... derfor.. hade

Maria sa...

Hei bleiehitler!Så fint rommet ditt var! Gleder meg til skatecamp på Hareid ^^ Hilsen "forelska og våryr"

Vegard sa...

Godt å høre at dere ikke har fått noen post-traumatiske skader!

Når kommer du til Oslo neste gang da?

Anna Josefin sa...

det veit ikkje ej Vegard.. :) synd du ikkje ville kåme til oss da!

Anders sa...

Hehehehe. Kan vi alle kalle Arne og Maria for "forelska og våryr" fra nå av? :D Lol.

Kult rom, J. Very J-ish!

Arne sa...

ikkje kall meg forelska.. eg vil bare ha hu for kroppen..! :D

Anna Josefin sa...

men våryr e du Arne? Konstant viril?