laurdag, desember 30, 2006

"Ej he gjort DET kuppet!"

Kjent strofe i heimen for tida. Christian og Sigrid, mine sysken, har lokka mamma inn på netthandel.no. Om dette er bra eller ikkje er eg ikkje heilt sikker på, men mi mor fortel med stor iver alt ein kan finne der inne til ein billig penge. Eg har fått streng beskjed om ikkje å ta vekk sida, den skal stå oppe heile tida, slik at ho alltid er oppdatert. Det er nøye planlegging kva tid ho skal ut å by, og kor lenge det er før neste auksjon er over. Og det er utruleg alt ein kan finne der inne. Eg lurte ho nesten til å kjøpe ei pute me radio inni, men ho tapte i siste liten. Av andre observasjonar kan eg nemne automatisk dyrefòrar, bjeffe-alarm (!), blondetruser, roterande casinobord, massasje-dusj og mykje anna.

Eg skal ærleg innrømme at eg lett vert engasjert i auksjonen.
Det gir ein viss tilfredstillelse å sjå desse orda:




Spenninga stig ettekvart som du ser at tida renn ut.
Kan mitt bud halde, eller kjem der ein luring i siste liten og byr over??







Akkurat i det du pustar letta ut med tanke på det nyinnkjøpte, og sikkert høgst nødvendige smykket eller casinobordet, kjem denne meldinga:






Hr.Langhus slo til. Han baud over rett før tida rann ut, noko som resulterte i at Hareid måtte gå tomhende frå auksjonen.
Jaja. Livet går som kjent både opp og ned.

Ingen kommentarer: