Tilbake til besøket mitt. Eg fortalte at eg hadde strikka og sydd alle julegåvene i år, og då sa Jorunn:
"Du kjenner ikkje noko i henda etter all strikkinga da?"
Eg: "Niks, eg kjenner absolutt ingenting, no skal eg strikke ein gensar til meg sjølv!"
Jorunn: "Heldig då!"
Den kvelden eg kom heim, tenkte eg "hm, det er kanskje litt rart at eg ikkje har merka noke slitasje i strikkearma. Eg skal vel få senebetendelse eller noko no da."
Eg hadde omtrent ikkje rukke å tenkt det ferdig, før smerta tok meg.
I går var eg med legen, og ho kunne konstatere det, senebetendelse i høgre arm.
Eg har fått mi fyrste strikkeskade.
Eit knippe av produksjonen:








gensar til Sigrid / mariusgensar til Celina / gensar til Ole Johan / jakka mi / perlesett til Karianne / sløyfevottar til Maria / monsterbukse til Eliah / monsterbukse til Fillip André.