søndag, januar 09, 2011

Ei lita påminning.

Photobucket

Eg veit ikkje om det er mi nye interesse for polarheltar, eller starten på eit nytt år, eller tanken på at eg står med eit heilt blankt 2011 uten nokon konkrete planar i, eller det at eg har hatt ein kjip start på året med mykje legebesøk. Men eg har bestemt meg for å ta kontroll. Kontroll over livet mitt. Kontrollen som eg mista tidleg i 2010. Eg har gått altfor lenge med tanken om at livet mitt har stoppa heilt opp, at det har gått i tusen knas. Eg har gått altfor lenge å venta på at ting skal bedre seg. Eg er lei. Veldig lei.

Eg veit ikkje akkurat kva det vil sei å ta kontrollen tilbake. Ja, ofte kjem det ting som trykkar meg ned igjen, pressar meg ned i det svarte holet og hånflirar til meg. Men alle opplever det no og då, det er ein del av livet. Og uten dei mørke dagane, kan ein ikkje kjenne gleda og takknemligheita over dei gode dagane. Eg veit at alt dette er bullshit når ein er lengst nede, men eg har lyst til å kunne lese dette når eg er der nede, og tenke på den dagen eg skreiv det. For det er ein god dag. Kanskje kan det minne meg på at eg må finne igjen roret. Styre meg ut i frå mørket som stenger meg inne. For ein ting er sikkert. Det er berre eg som kan vere kapteinen i mitt eige liv, det er berre eg som kan styre det i den retninga EG vil.

So husk det. Ta igjen styringa. Ver kapteinen i livet ditt.

Photobucket
Photobucket

3 kommentarer:

Kaja sa...

Det var et fint innlegg, Anna. :)

Maria sa...

Du er nå en liten sjømann, du! Jeg er glad du skriver :)

Dagny sa...

Du skrive so mykje fint du! Det e monge so kunne hatt godt av å lese bloggen din. :)