Eg tenkte kanskje det kunne passe med litt påfyll i dag, enten du treng litt inspo, musikk eller berre å smile. For det håper eg du gjer når du har komt til botnen av dette innlegget. Kanskje kan dette bli eit fast tirsdagsinnlegg? Maybe baby, men eg lovar ingenting. Håper du kjenner at det er sommar og kanskje ferie og kanskje har du ti tusen sommarfuglar inni deg. Eller kanskje har du nede gardinene og høyrer på klassisk musikk.
Her kjem i allefall ti ting som er fint på ein tirsdag:
1. Eg har fått fleire spørsmål om korleis eg lagar animasjonsbilda mine her (hørtes ikkje dette superbloggete ut så veit ikkje eg). På denne sida her kan du legge inn dei bilda du vil ha med, velge størrelse og tempo, så blir det ein liten GIF til slutt. (Eg køyrer klassiske photoboothbilder.)
2. Turkish Delight av Susanne Sundfør, LidoLido remix. Anbefalar å sette den på på Spotify, og skru opp lyden. (For på denne filmen er songen kutta litt.)
Og apropos Lido! (Hadde tenkt å ha eit eget punkt for han, men då vart det elleve.) Alle veit jo at musikargutar med langt hår og attitude kan smelte hjertet mitt, og LidoLido er intet unntak. Ikkje DJ'en hans helder.
3. Musikkvideoen til "Keep your head up" av Ben Howard. Sjå heile! Åååh. <3
4. Bilder av folk som flirar skikkeleg. Dette bildet her får meg til å smile uansett dag.
5. Min aller beste venn, Birte. Fordi ting alltid blir litt bedre når vi er i lag. Og fordi vi sender melding til kvarandre heilt på likt. Og fordi eg er så glad i ho.
6. Kjeldsund, finaste Kjeldsund. Ein leirplass her på Sunnmøre. Med tusen minner om sol, bål, kanoturar og kjærleik. Var ledar der i helga, og det var eit døgn utan bekymring, med flørtande kids og mykje kos. Og Kjeldsund-pannekakene som eigentleg smakar vaffler.
7. Gul. Gult. Kult! Sommarens favorittfarge. Lysegul eller knallgul. På gensaren eller på veggen eller i boka eller i håret.
8. Å planlegge ny tatovering. Glede seg til å bestille time. Hjertebanken minutta før det skjer. Minnet.
9. Mitt nye ankerarmeband. Og armeband generelt. Dei fargerike har eg laga sjølv. Har du også lyst? HER finn du ein tutorial som viser deg korleis du lagar slike friendship bracelets.
10. Denne sangen her. Høyr den når du har tårer i augene. Eller treng å skjerpe deg litt. For det gjer jo alle no og då. Høyr den når du treng å huske på kva som er viktig og kva som er uvesentlig. Verdens finaste huskelapp.
Do one thing everyday that scares you.
tysdag, juni 12, 2012
fredag, juni 08, 2012
Have the world baby girl, live it up, you deserve it
Dette er min favorittsong om dagen, når eg høyrer på den er det sommar og seine kveldar og kjærleik i heile kroppen. Sett den på kjempehøgt da. Ellers kan du sette på sommarlista mi, for der er det sommar og kjærleik kvar dag. I går var eg på konsert med LidoLido, som eg altfor lenge har vore hemmelig forelska i. Heile albumet hans har eg hørt på om igjen og om igjen, og det er slik musikk eg kan høyre på uansett korleis dagen er. Og alle mine yndlingar kom på rekke og rad på konserten! Han er flink altså. Og søt. Ikkje minst. ELLERS, har eg brukt denne fredagen til å fare til tannlege, spise lunsj med Sigrid, og farge håret. Eg tok å slo til med ein sokalla dip dye, og eg kan ikkje sei anna enn at det er heimebleiking på sitt beste. Ha ein deilig kveld! Smil :)
FØR
ETTER <3
laurdag, juni 02, 2012
love is a verb
love is a verb, it ain't a thing
it's not something you own, it's not something you scream
when you show me love, i don't need your words
yeah love ain't a thing, love is a verb
Verdens finaste song med verdens finaste John. Treng ikkje stort fleire ord då, på den fyrste laurdagen i juni og ein er sjuk og kjenner seg pittelitt åleine og kanskje treng eit lite smil eller fine ord. Eg har komt heim frå bestevennane i Oslo, det er altfor kaldt for å vere sommar på Sunnmøre, og eg har to typar halsdrops og hostesaft på bordet. Då er det best å late igjen augene og tenke på den finaste du veit.
so you gotta show, show, show me
PS! Fine Hjartesmil har linka til bloggen min på sin blogg :) Eg blei så glad når eg såg bildet mitt kom med her!
onsdag, mai 23, 2012
summerloving
Det er 16 grader ute kl 21.30. Eg har eplejuice og nyplukka blomstra på nattbordet, og snart skal eg gå og åpne pakken med bamsemums. I morgon har eg fri, og i tillegg får eg treffe Kronprinsparet på kvelden. Det kan vel ikkje bli stort betre då, ein sein onsdagskveld i mai.
Eg har også laga ei ny speledeleliste til oss! Den lista skal vere fylt av songar som er deilig å høyre på i hagen, under dyna, på stranda, ein regnversdag eller ein altfor varm dag, eller når ein berre kjenner kor det prikkar i heile kroppen, av sommar og kjærleik.
Gå inn og legg til musikk da. :) Og nyt kveldane og dagane, og ikkje gløym å
smil til ein som treng det.
fredag, mai 18, 2012
to fall is connected to try
Jaja, folkens. Nasjonaldagen kom og for. Som alle andre dagar. Er det slik at tida går, eller at tida kjem til oss? Det er i allefall fredag, eg har kaffi og raud hettejakke, det er litt sol ute mens det er ganske mørkt inne. På innsida. Då er det ekstra fint med slike folk som Mikhael Paskalev som dansar rundt i trusa. Og i tillegg har bart. Så for denne dagen også komme og gå, og i morgon er det ein heilt ny dag som kjem.
fredag, mai 11, 2012
when we talk i often fantasize what we would do losing our minds
TGIF, right? Sola forsvann her, men det gjer ikkje så mykje når ein kan ha How I Met Your Mother-maraton, vannmelon og iskald pepsi max i starbuckskoppen. Det er det eg har brukt denne fredagen til så langt. Og mykje kan jo skje enda. Det er ein fin følelse, og ikkje heilt vite kva dagen bringer. Eg likar å sjå i dagboka mi, på alle dei sidene som står blanke framover. Lure på kva eg kjem til å skrive der, fylle dagane med. Og ein anna ting eg elskar, er følelsen du får når du høyrer du får ei tekstmelding, men ikkje veit kven det er frå. Då brukar eg å tenke kven eg aller helst vil den skal vere frå, og kva han eller ho skriv til meg akkurat no. (Då er det ganske nedtur dersom det er kampanje frå Cubus eller noke slikt.) Men du skjønar kva eg meinar. Det er ein deilig følelse, prøv det neste gong du får ei melding!
Over til noke heilt anna. Du skal nemlig få det finaste tipset du kjem til å få i dag, akkurat her og no. Ingunn Ekern, ei av mine aller beste venninder, har i lag med systra si, Astrid, starta ei gruppe. Astrid & Ingunn. (Gå inn her og lik sida deira!) Eg er så imponert og stolt over dei, for dei er så flinke til det dei driv med.
Sjekk ut deira urørtprofil, der finn du nokre av songane deira. Under her kan du høyre den nyaste songen "With both hands", min favoritt. Den er så hjerteskjerande fin!
Ein ting til! No er astrid & ingunn med i ein konkurranse om å få spele på Øyafestivalen. Det hadde vore ekstremt kult om dei vant, og eg veit at dei blir veldig glade om du legg igjen ei stemme på dei! Her kan du gå inn å stemme på dei. Dei fortjenar slik at fleire oppdagar dei, tenk, du kan vere med på å oppfylle ein draum!
Er ikkje det fint så veit ikkje eg.

torsdag, mai 10, 2012
sitronbrus og rosa lepper
Har du tenkt over at det går fly over heile verda kvar einaste dag, at du kvar dag har ei muligheit til å kome deg dit du har mest lyst? Er ikkje det ein fin tanke vel? At du har den muligheita kvar dag. Du kan eigentleg gjere alt du har lyst til, berre ein tør, planlegg litt, og har mot nok til å leve og oppleve alt du drøymer om. Og har du tenkt over at Ashton Kutcher faktisk er kjempefin med langt hår og skjegg i filmen "New years eve"? Eller at syrinane snart blomstrar, og at dei heiter lilac på engelsk? Og at sitronbrus faktisk er ganske godt, berre ein kjem på å kjøpe det? Det er slike ting eg tenker på når sola skin ute, spelelista lyse netter står på, hjertet bankar og leppene er rosa. Ha ein fin dag :)
onsdag, mai 09, 2012
one moment i have you the next you are gone
//regn som luktar godt, luft som er varmare, vår, songar som gjer at det kriblar litt i heile kroppen, ein fin latter, auger som ser deg (og kun deg), å nynne når ein trur ingen høyrer på, rosa neglelakk på tånegla, kvite sengeklede, sjokolademelk, kjærleik. Slike ting som er fint på ein sein onsdagskveld i mai. It's true I crave you.
tysdag, mai 08, 2012
Ishavet
Hei partypeople! Eg veit det kanskje er litt dårleg stemning blant min store hærskare av lesarar grunna relativt laber oppdatering her inne. Men vinden kom og tok meg med til eit nytt kapittel i livet mitt! Og då må ein jo nyte det litt. Min aller største draum i livet er jo, som mange kanskje veit, å sjå polisen. Å reise til arktis, til magien, historia, heltane og isen. I går kveld var eg både til vestisen, austisen, grønland og til og med ned til sydpolen ein tur. I lag med fleire kjekke menn til og med. Det var rett nok gjort på ein times tid, og innanfor fire veggar, men det slo meg at eg på ein måte faktisk har komt til ishavet. Eg er dagleg omringa av slekta mi si historie, om heltebragdar og fantastiske bilder av isen, skutene, ver og vind. Eg har begynt å jobbe på Ishavsmuseet. Ishavsmuseet som eg er så glad i, der eg omtrent har vakse opp, men aldri heilt innsett verdien av. Før no. For om ikkje eg og min generasjon snart lærer seg historia og viser interesse for dette, så er det ingen som kan fortelle det vidare når gamlekarane ikkje er her meir. Så her er eg, i lag med både Nansen og Amundsen, og dei andre lokale heltane. På ishavet. Og om du vil besøke det flotte muséet, skal ikkje du sjå vekk i frå at du treff meg med nysteikte vafler klar. ;) Mine dagar på havet har sett omtrent slik ut:
Og ikkje nok med det, eg har også vore på guidekurs. Så i går guida eg mi fyrste gruppe rundt og fortalte historia. Historia som eg er så stolt av å ha flytande rundt i årene mine. Det gjekk bra, det blei godkjent, eg fekk applaus, og som takk fekk eg til og med ei gåve med dei kjekke besøkande. Ishavet leverar! Ellers, kan eg nemne at sidan forrige innlegg har eg vore i London i lag med mamma, ein veldig koselig tur! Eg har også begynt å jobbe litt (som sagt), vore i barneselskap, konfirmasjon og andre festligheiter. Og ikkje minst, eg har flytta! Mitt eige hus, mine ting, pussa opp litt, dobbeltseng og god sofa. Det er heilt enormt! Tenkte at det kunne kome meir av det i eit eige innlegg. Høyres ikkje det ut som ein deal? Jo. Men ein liten smakebit kan du få! Ja, no er vi komt til mai, det er vår (og litt snøv no og då), livet har starta litt på igjen og sjølv om det for meg er uvant å ha ein "kvardag", er det veldig deilig. Det er viktigare no enn noken gong, å ta ein dag om gongen, og nyte livet når det er bra. Å glede seg over dei små tinga som gjer ein dag bra, og helder takle dei dårlege dagane når dei kjem. For dei kjem dei også. Men om ein skal gå å bekymre seg over alle stormane, går ein glipp av solskinnsdagane. Husk det, alle fine! Og håper at alle mann har ein fin dag, enten det er eksamenslesing eller jobbing eller russetid eller berre ein vanleg tirsdag. Smil litt, set på denne sangen (mennene i mitt liv), gi ein klem, gå ein tur. Eller berre ligg på sofaen å sjå ein koselig film. Det skal ikkje så mykje til. Eg skal i selskap til finaste Fillip, som fyller 2 år i dag. Hurra :)

måndag, mars 19, 2012
Walking is easy when the road is flat
Altså, eg håper dokke forstår at denne jenta har ei fri sjel og tusen tankar og eit drøymande hjerte. Og når ein er superkaptein over livet sitt, så valgte eg å legge bloggen nederst i kista litt. Men no kjenner eg at eg kanskje kan leike meg litt her inne igjen. Høyres det bra ut, fans? Men plutseleg kan det kome ein vind som fører meg ut ifrå bloggverda igjen. Eg er nemlig litt lei av dette livet vi skal leve på internett. Folk som tek facebook altfor seriøst (det er berre ei nettside altså), og skriv slik at ein skal tenke "ho der altso, ho lev glansbildet", at folk kontrollerar litt for mykje korleis folk skal oppfatte dei. Og tenk at det har blitt slik at når ein er på konsert, eller på fest eller på stranda eller berre opplevar noko som får deg til å smile, ja då er det om og gjere å legge det ut på facebook ASAP! I staden for å nyte øyeblikket når det skjer, så viser ein det fram til andre for å få cred. Jaja, eg veit at eg kanskje overdriv, men eg trur at folk ofte har lett for å gløyme at livet er det som skjer når ein slår av datamaskina og lyftar blikket vekk i frå tastaturet. Det er ikkje så viktig at eg får vite at du er trøtt og har lite lyst på jobb om morgonen, og det er heller ikkje så vesentlig for meg å sjå bildet du legg ut av snøklokkene på marka di. For eg har dei på marka mi eg også, og eg blir glad av dette vesle vårteiknet og smilar for meg sjølv. Men det er jo ikkje så viktig for deg å vite? Fokuser helder på livet under stjernehimmelen, og ikkje så mykje på kven som likar eller kommenterer at du ønsker alle vennane dine ei fin arbeidsveke. ;) Nok om det!
Fyrst av alt, det er vår. Eg kjenner det i hjertet, eg kjenner det på smilet, eg kjenner det heilt ut i fingrane! I går begynte det til å med å snøve, uten at eg tok på vei av den grunn. For det er vår. Eg har kjent det. Kjent den tørre asfalten under converseskona mine, og den milde vinden på ein kveld som vert lysare og lysare. Så for helder veret gi meg fingeren, for eg veit bedre enn å la meg vippe av pinnen av den grunn. Det er snart april! Tenk på det. Eg syns i allefall det er godt å tenke på. Og det er ekstra deilig når forma er bra, og alt eg drømte om for to år sidan, ja dei skjer no altså. Det er nesten så eg ikkje tør å tru på det. Alt ordnar seg. Alltid! Om det tek ein dag, ein månad, eller to år. Berre vent!
No må du gjere ein ting. Sett på Runaway Baby av Bruno Mars på full styrke, berre gjer det. Og dans deg ut i gangen, ta på deg skona og hopp deg ut på veien og sjå opp. Sjå opp på skyene eller sola eller stjernene eller månen. For det er ingenting mellom deg og universet. Ikkje facebook eingong. Aaayeah!
måndag, februar 13, 2012
For mange tankar å tenke
Life aint perfect if you don't know what the struggle's for.
Falling down ain't falling down, if you don't cry when you hit the floor.
Klokka er alt for mykje, men egentlig betyr det ingenting kva tal ho viser til deg. Det er ulogisk å legge seg, men så er det jo ikkje så mykje som er logisk med noko som helst for tida. Kaoset tek over, og den vesle tanken du hadde som heldt deg fokusert, blei sugd inn det så altfor uforståelege dragsuget. Nokre legg seg med stigande promille, men det er søren meg ikkje godt å legge seg med stigande fortvilelse helder.
It's a crazy situation when you notice you get used to all the pain.
Og kva kan ein gjere? Når ein blir overmanna av det ulogiske, og draumane du tenker på forsvinn i kaoset? Det er ikkje så lett å holde motet oppe då, det er ikkje så lett å tru på dei helder. Men eg har lært meg å bli bestevenn med natta. Eg er lei av å ligge våken å sjå ut i mørket, å vere redd for å ikkje få sovne. Når det er for mange tankar å tenke, ja då kan ein ikkje legge seg til før ein har tenkt litt og ordna opp litt. For det skal ikkje så mykje til, når ein fyrst gir slepp. Når ein blir natteravn. Og stjernene er utallige der utanfor vindauget, og ein kan sleppe fri alle tankar som lagar kaos. Sende dei opp og ut, og vere ferdige med dei. Og når det meste er ulogisk, så kan ein drite i klokka og helder skrive eit slikt blogginnlegg, mens ein høyrer på fine songar, og kanskje kan ein kome seg laus i frå dragsuget av tankar, og fokusere på draumane sine igjen. Draumane som kan bli virkeligheit, som kan bli eit mål. Få kontrollen igjen. Så kanskje kan ein fylle hjertet, og hovudet, med ro igjen, i staden for altfor mange tankar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)