søndag, mai 01, 2011

Shake ya tailfeather



Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

I dag er det søndag og ute skin sola på ein veldig blå himmel. Eg har nettopp sett filmen "No strings attached", som var kjempesøt, med fin musikk og verdens finaste Ashton i hovudrolla. Eg ligg i senga med vinduet åpent og kjenner vinden i ansiktet. Jackie snorkar på golvet, og eg høyrer på mi nye smileliste. Ei fin speleliste, enten du har eksamen, har heimlengsel, gruer deg til å ta oppvasken, ligg i senga og tenker på han eller berre smilar i sola og er glad. Eg høyrer på den og tenker at det kjem sikkert til å gå bra denne gangen også, det skal gå over dette her.

Og om du manglar lesestoff, kan eg anbefala boka "Vann til elefantene", som eg nettopp har lest. Filmen har akkurat komt ut, og den var også veldig fin. Men boka er nesten magisk, og er på mi toppliste trur eg. Eg ville ikkje at den skulle ta slutt, og eg felte eit par tårer på siste sida. Les den!
No har eg begynt å lese "En dag" av David Nicholls, den er skikkeleg feel-good, og eg vil berre lese og lese. Den handlar om Dexter og Emma, natta etter eksamensfesten før dei går kvar sin veg vidare, og vidare handlar den om kva dei gjer på akkurat den dagen året etter, og året etter osv, og om forholdet deira. Eg ser for meg ei søt, britisk kjærleikshistorie her altså. Les den også.

Photobucket

Håper du har ein fin søndag, har ei fin veke å sjå fram til, og fine folk rundt deg. Ta ein dag om gongen, for ingen veit kva som skjer i morgon. Ikkje stress, ikkje engst deg for ting som skal kome som du ikkje har kontroll over. for alt går som regel bra.

Mvh meg og mannen i mitt liv:

Photobucket

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hærlig! :)

Sigg sa...

Takk!!! Trengte dinna idag! :)

Anna Josefin sa...

Bra! :) Vi skal kåme gjøna alt vi!

Tone R sa...

Hei Anna!
Eg lige bloggen og spillelistene dine skikkelig godt :) Små fine avbrekk i løp av skoledagen :)
Ser eg deg på 5årstreffet om en liten mnd??

-Tone R-

Maria sa...

Du er søtest!
*smask*

Alice sa...

Takk for kloke ord!!

Hadde eg blogga sjølv skulle eg sendt deg ein award for beste bloggen på nettet!! :)

Ingunn sa...

Ohyeah! :) Jeg skal faktisk lese One Day snart, den ligger og vinker på meg i bokbunken på gølvet!

Myldretid sa...

Åååh, ond day er så utrolig fin! Det er heller ikke het feil med Jim Sturgess i filmversjonen!