måndag, mai 30, 2011

Then you had the nerve to say you're hurt



Denne songen høyrer eg på fleire gongar på rad, det er den aller beste songen eg veit om dagen. Mmm.
Av og til gløymer eg at eg alltid har vore litt forelska i Pharell.

Photobucket

fredag, mai 27, 2011

Barfota fötter genom hela stan

de stänger men ingen bryr sig
blir blind när alla lampor lyser
mm, det här är värdt at dö för
jag tror mitt hjärta blöder




Bra ting:
♥ glad for at eg slepp eksamenar og andre skule- og stressrelaterte ting
♥ det nye albumet til Veronica Maggio, som eg høyrer på frå begyndelse til slutt, om igjen og om igjen.
♥ fire veker igjen til sommarbryllup
♥ mine nye, fine skinnsandalar
♥ tanken på å gå i mine nye, fine skinnsandalar og dongerishorts med blondekant og nye solbriller, helst i oslo om ikkje så lenge
♥ tanken på SUSHI i oslo (som eg har hatt lyst på i måndesvis)
♥ det snart er juni og sommar og kjærleik

Kjipe ting:
♥ eg har leita fram igjen dunjakka mi, for her på Hareid er det bikkjekaldt og pøseregn :(((
♥ trur det var alt.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

søndag, mai 15, 2011

Søndagsfint

I dag har eg baka Hummingbird sine vaniljecupcakes til Eliah, og gjett om dei stod til forventningane. Dei var skikkelig saftige og gode! Eg toppa dei med lilla frosting og strøssel på, for verdens beste feira nemlig sine fem år med barneselskap i dag. Og når ein er fem år må ein jo ha muffins og sjokoladeborg og gelé og is og pølse med brød og kvar si brusflaske. Einaste han sakna var bursdagskrone, men den får han nok i barnehagen i morgon kanskje. Han har tross alt ikkje bursdag på ekte før på 17. mai. Eg har spelt kråkket/crocket? med fine småjenter (og fått høyre at eg er sjukt dårlig i det), arrangert flasketuten peikar på og spist masse kake. Kosa meg med andre ord.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

Og no er forresten skapet mitt omsider ferdig mala og på plass på rommet mitt! Eg er veldig fornøgd med resultatet, og syns det passa ekstra bra med ei lavendelplante til. Kjøpte også en slags type mini-lotus-plante/kaktus ting (veit egentlig ikkje kva det er for noko) som eg sette i vinduskarmen.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

laurdag, mai 14, 2011

Soulmates

Photobucket

sometimes it seems that the going is just too rough
and things go wrong no matter what i do
now and then i feel that life is just too much
but you've got the love i need to see me through


Birte og meg. Meg og Birte. Det går so mykje djupare enn alt anna, forholdet mellom oss. Spesielt etter dette året. Og eg veit at det som har skjedd aldri vil endre seg. Ho er den personen som alltid, uansett, får meg til å smile berre ved å vere tilstades. Og har vi gått gjennom dette i lag, Birte, kan vi søren meg kome oss gjennom det meste. Tenk kor godt å vete at vi alltid vil ver der for kvarandre, om ikkje alltid fysisk, so alltid i hjerta vår.

Photobucket

Photobucket

(Søren, no frista det VELDIG å skrive My heart is yours!!!!!!!!!!!!!!!!)

onsdag, mai 11, 2011

Livet på ein onsdag

I dag er det onsdag, og eg har jobba med vårprosjektet mitt ute, medan eg har hørt på radio (sexy på p3, med Tarjei, mannen i mitt liv). Eg har nemlig fått kloa i (les: henta ned frå Sigrid si garasje) eit gammalt lite skap som tidlegare har tilhøyrt mi kjære farmor, og som eg no held på å pusse opp. Heldigvis for meg begynte Sigrid på det same prosjektet for nokre år sidan, og då skrapa ho vekk heile tre lag med maling og pussa det heilt ned. Så då var det berre for meg å begynne å male i vei. No har eg hatt på eit lag med grunning, og eit lag med kvitmaling. Så for vi sjå kva meir som trengs.

Ellers har Fillip vore 1 år, eg har kjøpt meg ein ny dongerishorts, kjøpt meg to dvdar til 19 kr på Kiwi (!), komt halvvegs i boka mi (En dag), baka Smash muffins, kjøpt meg ny kokebok (Hummingbird bakery kokeboka) og sett Prison Break. Mykje. Og det ska eg gjere no også. Michael Scofield er helten!

PS: I morgon skal eg gjere noko som er fint, kjekt og litt spennande. Følg med! ♥

Gammalt skap is getting pimped:
Photobucket
Photobucket
Photobucket
(PS: legg merke til trillebåra, den har eg gått å frakta ting i i heile dag. Handy-Annie.)

Hurra for Fillip!
Photobucket

Fine-Lina:
Photobucket

Photobucket
Photobucket

Min nye favoritt: fryste druer. Try it!
Photobucket
Photobucket

Forresten, har fått meg vakt-rev:
Photobucket

Nææt! Berre verdens beste Jackie til tjeneste:
Photobucket

Hadet!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

måndag, mai 09, 2011

We could find where this pain is useless, and we'll forever be the young

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

I dag skin sola og sommaren har komt til Hareid også!!!!!! Eg har tatt sommarklippen på Jackie (hehehe) og premiert ho med litt tannpuss (dentastix) (LOL). Eg las eit kapittel i boka mi i sola på terassa, men eg er rastlaus og varm og trist. For når det gjer vondt i haudet og i hjertet og overalt, og det ikkje fins tiltakslyst eller ork til å gjere noko som helst, er det best å berre ligge i ro, sette på fin musikk og skru opp lyden. Inne i skyggen. Med pepsi max og isbitar. Eg glad denne sangen varer i sju minutt, for det er søren meg den finaste sangen eg kan høyre om dagen.



La Ritournelle ("refrenget")

Oh nothing's going to change my love for you
I wanna spend my life with you
So we make love on the grass under the moon
No one call tell, damned if I do
Forever journey on golden avenues
I drift in your eyes since I love you
I got that beat in my veins for only rule
Love is to share, mine is for you

søndag, mai 01, 2011

Shake ya tailfeather



Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

I dag er det søndag og ute skin sola på ein veldig blå himmel. Eg har nettopp sett filmen "No strings attached", som var kjempesøt, med fin musikk og verdens finaste Ashton i hovudrolla. Eg ligg i senga med vinduet åpent og kjenner vinden i ansiktet. Jackie snorkar på golvet, og eg høyrer på mi nye smileliste. Ei fin speleliste, enten du har eksamen, har heimlengsel, gruer deg til å ta oppvasken, ligg i senga og tenker på han eller berre smilar i sola og er glad. Eg høyrer på den og tenker at det kjem sikkert til å gå bra denne gangen også, det skal gå over dette her.

Og om du manglar lesestoff, kan eg anbefala boka "Vann til elefantene", som eg nettopp har lest. Filmen har akkurat komt ut, og den var også veldig fin. Men boka er nesten magisk, og er på mi toppliste trur eg. Eg ville ikkje at den skulle ta slutt, og eg felte eit par tårer på siste sida. Les den!
No har eg begynt å lese "En dag" av David Nicholls, den er skikkeleg feel-good, og eg vil berre lese og lese. Den handlar om Dexter og Emma, natta etter eksamensfesten før dei går kvar sin veg vidare, og vidare handlar den om kva dei gjer på akkurat den dagen året etter, og året etter osv, og om forholdet deira. Eg ser for meg ei søt, britisk kjærleikshistorie her altså. Les den også.

Photobucket

Håper du har ein fin søndag, har ei fin veke å sjå fram til, og fine folk rundt deg. Ta ein dag om gongen, for ingen veit kva som skjer i morgon. Ikkje stress, ikkje engst deg for ting som skal kome som du ikkje har kontroll over. for alt går som regel bra.

Mvh meg og mannen i mitt liv:

Photobucket