fredag, februar 04, 2011

Tomt. (Igjen.)

Det kom som kasta på meg. Det svarte, usynlige som dreg meg lenger og lenger ned. Ned i ingenting. Ned i mi velkjente hole. Plutseleg er det vanskeleg å stå opprøyst igjen, plutseleg er det vanskeleg å puste, plutseleg har ein null energi, og plutseleg har alle tankar om håp, framtid og vår blitt kasta ut og erstatta med eit mørke. Mørket sperrar ute alt anna. Eg druknar.

Men.
Det er fredag, eg er utanfor huset for fyrste gong sidan tirsdag. Eg skal finne meg nytt strikkeprosjekt.
Og det viktigaste av alt: eg set ein fot framfor den andre, og då kan det berre gå ein veg.
Framover mot vår.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

6 kommentarer:

Anlen sa...

Klem frå meg til deg!

Finn deg eit nytt strikkeprosjekt:) Og så må vi vurdere om vi må reise ilag til Sagavoll om nokre månader!

Silje sa...

Ej må berre sei at du he den finaste bloggen Anna. Ej he ei heil mappe stapp full av bilder som ej i smug he stole frå dej. Du he eit veldig fint blikk for fine ting.

Ellers so syns ej at den Smile-låta men Nat King Cole er den dummaste songen eg veit. Ein skal ikkje smile heile tida, ein blir mykje meir glad i dei som torer å vise heile spekteret av følelsar.

No er det berre februar igjen, så kjem sola og småskoa :)

Birte sa...

<3<3<3<3<3

Kristin på Biristrand sa...

"For jeg er med deg ALLE dager...."
Ønsker deg ei god helg, Anna!

Anna Josefin sa...

takk for fine ord, dokke e jammen mej kjekke :)
♥♥♥♥♥

Julia sa...

E so enige med dej Silje! en verte so mykje gladare i folk so tør å vise følelsa:) Å Anna, du snakka med hjertet, og formulera dej utenom det vanlige! I love you <3