onsdag, februar 09, 2011

Kva vil du gjere før du dør?



For monge år sidan, skreiv eg opp ei liste der eg skreiv ned ting eg ville gjere før eg dør. Mellom anna stod der "få ei tatovering", "besøke alle verdensdelane", "halde konsert" osv. I dag er eg 24 år, ikkje ferdig utdanna, har fire tatoveringar, har vore i Amerika, men har mykje igjen eg har lyst på oppleve før eg forlet denne verda. No og då er utferdstranga mi så stor at eg held på å gå på veggane. Men kven er det som egentlig bestemmer kva du kan og kva du ikkje kan gjere? (Sett bort i frå økonomi og andre kjedelige ting.) Berre han som veit målet, veit vegen (det stod forresten på den siste yogi-téen eg drakk altso, eg er ikkje så vis). Og det er sant! Set du deg eit mål, er det berre du som kan gå vegen fram mot det. For det kan du. Du kan få til alt du bestemmer deg for.
Så dersom du treng litt inspo i kvardagen, sjekk ut serien "The Buried Life" på MTV.
Det handlar om fire gutar som har ei liste med 100 ting dei vil gjere før dei dør. Og for kvar ting dei kan stryke ut, så hjelper dei nokon andre til å oppfylle sin draum. Ganske fint skal eg sei deg. Eg har nettopp sett fem episoder på rad, og eg har vorte rørt til tårer i kvar einaste episode. (Dessuten er det noko med slike skategutar med hettejakker.)

Nokre av punkta på lista deira, er m.a:
22.) Approach the most beautiful girl you've ever seen and kiss her
26.) Tell a judge: "You want the truth? You can't handle the truth!"
35.) Sing the National Anthem to a packed stadium
41.) Make a toast at a stranger's wedding
55.) Kiss Rachael McAdams
66.) Camp at the Playboy Mansion
78.) Fall in love
95.) Play ball with Obama
91.) Get married (in Vegas)
100.) Go to space

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

"The more things we cross off the list, the more we learn that anyone can do anything."

6 kommentarer:

Marve sa...

:) Foreslår en slik episode til frokost/formiddagsmat på fredag!

Anlen sa...

God plan, eg har ikkje så mange punkt på lista mi, trur eg. Kanskje eg burde lage ei?

jolla sa...

sjå også den nye serien til tore på sporet. den heite nåke som ting jeg må gjøre før jeg dør............... ;) hehe

Anna Josefin sa...

Forslaget ditt e tatt opp til vurdering, Mary! ;)

BOMBE, at du kom med NRK Jorunn :D :D Haha.."såg du norge rundt i går?"

jollis sa...

hehehhee, gale d? :$ no e ej ova i veien! blir her til tirsdagsmorgen!

Anna Josefin sa...

jippiii :)