søndag, februar 13, 2011

Har du tenkt over at:

♥ eit foster i magen ikkje pustar? Eg syns det er fantastisk å tenke på! Og når babyen blir født, så kan den plutseleg puste heilt sjølv.
♥ kor morsom sangen "Happy birthday to you, di flintskalla ku" er? Sjå det for deg...
♥ kor lett det er å falle inn i faste rutiner kvar dag? I staden for å kjenne seg levande, passerar livet deg stille og roleg. Det er faktisk alle desse dagane som kjem og går som er livet. Du får ikkje fleire sjansar.
♥ du kan få til alt du bestemmer deg for å få til?
♥ om du har ein person som ALLTID får deg i betre humør, UANSETT? Den personen treng ikkje snakke ein gong, for berre synet av dette mennesket får deg til å smile på ekte. For meg er denne personen Birte.
♥ akkurat NO er kanskje Brad Pitt på do, eller kanskje pussar Johnny Depp tenna, eller kanskje tek Kongen seg ein lur? Dei er menneske på same måten som meg og deg. Det tenker eg på når eg står under stjernehimmelen, tenker på kven andre som ser opp på månen akkurat no.
♥ det er berre ein flytur mellom deg og New York?

Ha mot til å leve.

Photobucket

6 kommentarer:

sverre sa...

jeg tenker ofte på, når jeg går på gata i Oslo, at alle er blitt født. Det er jo helt sykt at samtlige har kommet ut der nede fra..!

Anna Josefin sa...

haha :D ja du sei nåke der, sigurd!

Maria sa...

Jeg tenker på at alle er barnet til noen: saksofonpuppedama på Grand Prix, ungdommene som snakker høyt om ting du ikke vil høre på trikken og til og med bestemor.

Anlen sa...

Godt tenkt;)

Birte sa...

<3<3<3

lure på ka han Jarle jer på akkurat no????

Anna Josefin Jønsson sa...

ja, tenk at akkorat no so kanskje han fiksa en motor, eller he vinden i håret, eller søve! rart å tenke på :)