tysdag, februar 22, 2011

Når ein våknar om morgonen og sola skin

♥ er det ekstra deilig å ta på seg ein fin genser og perler i øyrene i staden for joggebuksa
♥ startar eg dagen med ny, deilig vårmusikk, og syng høgt til "Hell litervis med sand på timeglasset"
♥ kan ein fare på butikken berre for å kjøpe seg ein Starbucks iskaffi
♥ og det er tirsdag, og ein har heile dagen fri, kan ein fare på biblioteket for å kjenne lukta av gamle bøker og låne tre filmar heilt gratis

No skal eg sleppe Jackie ut i sola, drikke iskaffi, strikke og sjå ein film. Deilig på ein førmiddag midt i veka.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

søndag, februar 20, 2011

Forelska (på nytt)

Jarle Klepp. Og meg. Vi går way back. "Mannen som elsket Yngve" gir meg same kjensla kvar gong eg ser den, og eg grin kvar gong Jarle kviskrar "eg er forelska i deg" på festen. Og eg var stormforelska i han. I lang tid. Ein gong i Oslo gjekk eg ut av trikken og han kom på, holdt på å gå i bakken. Men det falma litt etterkvart som tida gjekk, den følelsen. Men i kveld. I kveld har eg sett "Jeg reiser alene". Eg er forelska på nytt. Når filmen var slutt og denne songen kom, fekk eg tårer i augene og sommarfuglar i magen. Hjerteknusar.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

fredag, februar 18, 2011

Ellie i mitt hjarte!

Photobucket

I fjor sommar hørte eg veldig mykje på denne dama. Svale ettermiddagar med nyplukka syrinar i lag med Ellie Goulding. Eg høyrer på songane hennar om igjen og om igjen, og eg vert aldri lei. Ho er så flink! Eg hadde aldri rekna med at eg kom til å like "your song" igjen, men no har Ellie laga ein nydeleg coverversjon. Eg har lagt til eit par songar på fjører og diamantar, men dersom du vil høyre meir kan du gå inn her.



Photobucket
Photobucket

torsdag, februar 17, 2011

Apropos vår

Photobucket

Eg syns fjører og diamantar-spelelista mi på Spotify var ein så fin idé, at no tenkte eg at det var på tide med ei ny deleliste. Difor har eg laga Hallo vår!. Har du tenkt over at ein treng litt ny musikk når vinteren slepp taket? Alt våknar til liv igjen, og ein får lyst ut. Ut å gjere noke, ut å gå i tørre gater, ut å kjenne at det berre blir mildare og mildare. Kvart år får eg mitt eige soundtrack til våren, og no har eg laga ei lita liste med min vårmusikk. Så kan du legge til din vårmusikk. Det blir ei deilig liste, det.

Photobucket
Photobucket

tysdag, februar 15, 2011

Say hello to good times



Høyrer på denne songen om igjen og om igjen, og kjenner vårfølelsen kome heilt på ekte!
Det kjennes omtrent slik ut:

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

I always could count on futures, that things would look up, and they look up.

søndag, februar 13, 2011

Har du tenkt over at:

♥ eit foster i magen ikkje pustar? Eg syns det er fantastisk å tenke på! Og når babyen blir født, så kan den plutseleg puste heilt sjølv.
♥ kor morsom sangen "Happy birthday to you, di flintskalla ku" er? Sjå det for deg...
♥ kor lett det er å falle inn i faste rutiner kvar dag? I staden for å kjenne seg levande, passerar livet deg stille og roleg. Det er faktisk alle desse dagane som kjem og går som er livet. Du får ikkje fleire sjansar.
♥ du kan få til alt du bestemmer deg for å få til?
♥ om du har ein person som ALLTID får deg i betre humør, UANSETT? Den personen treng ikkje snakke ein gong, for berre synet av dette mennesket får deg til å smile på ekte. For meg er denne personen Birte.
♥ akkurat NO er kanskje Brad Pitt på do, eller kanskje pussar Johnny Depp tenna, eller kanskje tek Kongen seg ein lur? Dei er menneske på same måten som meg og deg. Det tenker eg på når eg står under stjernehimmelen, tenker på kven andre som ser opp på månen akkurat no.
♥ det er berre ein flytur mellom deg og New York?

Ha mot til å leve.

Photobucket

Blue Valentine


Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

For ein film. Den er superfin og supertrist og vond på same tid. Dersom du vil sjå ein ekte film, sjå den. Det er ikkje ei kjærleikshistorie, men ei historie om kjærleik. Kjærleik som både er fantastisk fin og altfor vond. Du smilar, men får vondt i hjertet samtidig. Nei, berre sjå den.
Dessutan er Ryan Gosling HOT (med hette på).

torsdag, februar 10, 2011

Viktig huskelapp

Dette har eg styrt med i dag:

make avatar
make avatar
gif animators

Photobucket
Photobucket

Når Cecilie Skog endeleg kom på toppen av verdas høgste fjell, Mount Everest, tok ho fram kameraet og filma seg sjølv mens ho såg utover utsikta og sa "det er viktig å følge drømmen".
Det er draumane mine som driv meg framover. Difor har eg laga ei lita påminning til meg sjølv.

Photobucket

onsdag, februar 09, 2011

Kva vil du gjere før du dør?



For monge år sidan, skreiv eg opp ei liste der eg skreiv ned ting eg ville gjere før eg dør. Mellom anna stod der "få ei tatovering", "besøke alle verdensdelane", "halde konsert" osv. I dag er eg 24 år, ikkje ferdig utdanna, har fire tatoveringar, har vore i Amerika, men har mykje igjen eg har lyst på oppleve før eg forlet denne verda. No og då er utferdstranga mi så stor at eg held på å gå på veggane. Men kven er det som egentlig bestemmer kva du kan og kva du ikkje kan gjere? (Sett bort i frå økonomi og andre kjedelige ting.) Berre han som veit målet, veit vegen (det stod forresten på den siste yogi-téen eg drakk altso, eg er ikkje så vis). Og det er sant! Set du deg eit mål, er det berre du som kan gå vegen fram mot det. For det kan du. Du kan få til alt du bestemmer deg for.
Så dersom du treng litt inspo i kvardagen, sjekk ut serien "The Buried Life" på MTV.
Det handlar om fire gutar som har ei liste med 100 ting dei vil gjere før dei dør. Og for kvar ting dei kan stryke ut, så hjelper dei nokon andre til å oppfylle sin draum. Ganske fint skal eg sei deg. Eg har nettopp sett fem episoder på rad, og eg har vorte rørt til tårer i kvar einaste episode. (Dessuten er det noko med slike skategutar med hettejakker.)

Nokre av punkta på lista deira, er m.a:
22.) Approach the most beautiful girl you've ever seen and kiss her
26.) Tell a judge: "You want the truth? You can't handle the truth!"
35.) Sing the National Anthem to a packed stadium
41.) Make a toast at a stranger's wedding
55.) Kiss Rachael McAdams
66.) Camp at the Playboy Mansion
78.) Fall in love
95.) Play ball with Obama
91.) Get married (in Vegas)
100.) Go to space

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

"The more things we cross off the list, the more we learn that anyone can do anything."

tysdag, februar 08, 2011

Oppskrift på ein fin kveld

Du treng:

♥ så mange puter og tepper du kan finne
♥ mange telys
♥ ei fin speleliste, for eksempel ei som heiter stearinlys
♥ noko du likar godt, kanskje druer eller nonstop eller sjokolade eller seigemanna
♥ ein bestevenn (men du kan også gjere det åleine altso.)
♥ ein hund som snik seg inn og legg seg i midten (dette kan også utelatast.)
♥ takknemligheit
♥ kjærleik

Bland alle ingrediensane og kjenn kor fint du har det.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

måndag, februar 07, 2011

You just gotta ignite the light, and let it shine

Det er egentlig ikkje så vanskeleg å gjere kvardagen litt bedre og litt kjekkare. Det er dei små ting som gjer den store forskjellen. I går sa eg at denne veka skulle eg gjere noko kjekt kvar dag. I kveld tente eg alle stearinlysa på rommet mitt, hadde alle putene på golvet, og låg der i lag med Birte. På golvet. Med musikk, starbucks-iskaffi, latter og ein god varme innerst inne i hjertet. Det er undervurdert å ligge på golvet å sjå i taket, prøv det! Og med den varmen i hjertet, og draumar, håp og forventningar, legg eg meg med eit smil om munnen. I morgon skal vi ut å spise på kinarestauranten.

Kvifor ikkje legge opp til den kvardagen ein ønsker å ha, i staden for at alt vert rutine?
Det er så lite som skal til.

Photobucket

If you only knew what the future holds, after a hurricane comes a rainbow
Maybe your reason why all the doors are closed,
so you could open one that leads you to the perfect road
Like a lightning bolt, your heart will glow, and when it's time, you'll know.

søndag, februar 06, 2011

Fint på ein søndag

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

Når det er kaldt ute men varmt inne, er det mange fine ting ein kan gjere på ein søndag i februar. Det er sludd ute, og eg frys på føtene. Men no skal eg bake melkesjokolademuffins med karamellsaus, og kanskje makronar etterpå. Glømte å romtemperere egga i går, så no står dei i ei skål og varmar seg framfor peisen. Spørs om det gjer same nytta.
Gler meg til Birte kjem seinare, til Fangene på Fortet i kveld kl 20 og tanken på at verdas finaste Maria er her ved mi side om fem dagar. ♥

fredag, februar 04, 2011

Tomt. (Igjen.)

Det kom som kasta på meg. Det svarte, usynlige som dreg meg lenger og lenger ned. Ned i ingenting. Ned i mi velkjente hole. Plutseleg er det vanskeleg å stå opprøyst igjen, plutseleg er det vanskeleg å puste, plutseleg har ein null energi, og plutseleg har alle tankar om håp, framtid og vår blitt kasta ut og erstatta med eit mørke. Mørket sperrar ute alt anna. Eg druknar.

Men.
Det er fredag, eg er utanfor huset for fyrste gong sidan tirsdag. Eg skal finne meg nytt strikkeprosjekt.
Og det viktigaste av alt: eg set ein fot framfor den andre, og då kan det berre gå ein veg.
Framover mot vår.

Photobucket
Photobucket
Photobucket