onsdag, januar 17, 2007

Ode til Voll

Det var med stor skuffelse i stemma at Marianne Voll kunne meddele at eg ikkje hadde nemnt ho på bloggen min, i motsetning til Maria, som tydlegvis var ein bedre sambuar enn undertegnade. Vel, her har du den Voll, ei heile ode berre til deg og ditt vesen!

Då Marianne flytta inn i Bråten like før jul, oppstod det ymse komplikasjonar. Ho kjem nemleg frå Vigrestad (også kalla Vigrest av dei innfødde), og snakkar, etter mi meining, den vanskligaste dialekta du kan oppdrive i Norges land. Sjølv om vi no, èin månad etter, framleis må konsentrere oss for å plukke opp nokre kjente ord, har språkforvirringa lagt seg litt, og vi kan til og med kome med fornuftige svar til ho.
(Eg har opptak av ho på dataen min, men fann ingen måte å legge det ut på. Touchè.)

Men Voll har jo mange fine egenskapar.
Ho er nesten sjukepleiar, og likar svært godt å undersøke både meg og kroppen min. Ho er også den som alltid passar på at her er mat i huset, at her er varmt og at alle har det bra, og er soleis ein god førebels erstattar for morskjærleiken. For ho er litt husmor. Mi og Maria si. :)
Ho ryddar og styrar på, men vaskina går som oftast føre seg på nattestider, då energinivået synes å vere på topp, mens eg stille trekk meg tilbake for ro og rekreasjon på mitt rom.

I går var eg så uheldig å miste ein knapp i buksa mi, og då var Voll på pletten med syskrinet sitt på null komma niks! (Etter litt mild overtaling frå meg.) Og i dag når eg kom frå skule, kom spørsmålet: ”I dag he æg lagt noge nytt! Vil du ha litt risperasp?” (Ho hadde plukka opp ei ny og spennande oppskrift frå Wenche i God Morgen Norge, og kunne friste med varm lunsj.)

Eg kan ikkje nemne Voll utan å nemne el-pianoet (som for øvrig har utkonkurrert mitt keyboard for lengst). Ho spelar og spelar, og strofa: ”He du nogen ønske frå syng livet?” er ikkje ukjent her i heimen.

Men skulebøkene, pervo-bestikket, godteriet, filmane, ”gitaren” og dialekta, berikar ho Bråten med både livsglede og husfred.
Sjølv om eg ofte må flire litt av deg Marianne, er det berre fordi eg er glad i deg og glad du bor her med oss!

Det er rett som du seier: du skal ikkje fylle Ingunn sine sko.
Du skal fylle dine eigne.


3 kommentarer:

Anonym sa...

Takk, takk mi kjære Anna! Veldig kjekt at du endelig he nevnt mæg i bloggen din ;) =-)
Marianne

Anna Josefin sa...

=-)

Maria sa...

"=-)"

(lol)