tysdag, januar 23, 2007

Want you back for good!

Du veit den kjensla du får når du på ein måte gjenoppdagar tidlegare gleder? Då det virkelig går opp for deg kvifor du var så glad i det/den/dei, og kor bra det eigentleg var? Eg har hatt to slike opplevingar i det siste. Den fyrste kom då Karianne og eg sat på Timesekspressen til Sagavoll på fredag, då Duran Duran song Ordinary World opptil fleire gongar på rad på radioen. Eg sa til Karianne: "Åh, den songen e skikkeli bra, sjølom den e frå åttitalet eller nåke sann!" Eg hadde den på hjerna heile tida, og det fyrste eg gjorde då eg kom heim var å laste den ned.

Den andre var då eg brått fekk lyst å høyre den nye Take That songen som kom ut i haust ein gong, men visste ikkje kva den heitte, og fann det heller ikkje ut. I staden for kom eg på alle andre kjente og kjære TT-songar som 'How deep is your love', 'Relight my fire' og 'Want you back for good', og lasta ned alle eg kom over. Då fann eg også den nye, som forøvrig heiter Patience og er kjempebra, og sat lenge på rommet mitt å høyrte på mine kjære synge til meg. Måtte til og med utbryte eit lite "å jess!", og Marianne kom inn å spurte kva det var.
Kven kan ikkje elske desse??



(Legg spesielt merke til den smekre badetrusa til godaste Williams til høgre.)

Eg fortalte til Sigrid, mi storesyste, at mitt og Take That sitt forhold hadde fått gløden tilbake, og gammel fan som ho er, måtte ho berre flire litt av meg. Eg gjekk faktisk så langt at eg uttalte at om dei kom til Noreg for å halde reunion-konsert, skulle vi iallefall fare på den. Der gjekk tydlegvis grensa hennar, for ho sa at då hadde ho vorte direkte flau. 
Ikkje skjønar eg kvifor.



I natt hadde eg den beste draumen ever. Den varte kjempelenge. Eg vakna fleire gongar grunna mi hosting og anna sjuke-oppførsel, men for kvar gong eg sovna, so fortsatte draumen vidare!
Eg drømte mellom anna at eg fekk møte Take That i levande live, då dei jobba på Møbelringen i Ulsteinvik (dokke lokale veit at dette var kanskje ein litt absurd situasjon) i ein time. Eg forta meg ut då eg fekk nyss i nyhenda, og fekk både klem, autograf og fotografering. Ekstase. Brått fekk eg også nyhenda om at Red hot chili peppers jobba på Narvesen i Ulsteinvik, og eg skunda meg dit med ein gong. Då eg kom dit var det slettes ikkje Anthony Kiedis som møtte meg, men ingen mindre enn Johnny Knoxville!! Eg tok med meg dagboka mi, og fekk han til å skrive i den (!), og blei kjempeglad. Dokke som kjenner meg godt veit at Knoxville er min kjære Mann med stor M, men merkeleg nok var eg mest lykkeleg over å ha møtt Take That. Bør det ringe ei bjelle for meg no?

Ikkje veit eg, men eg vakna iallefall med eit smil. Gary, Howard, Jason og Mark har på nytt kome inn i livet mitt, og eg 
må berre akseptere fakta. Men sjå kor vakre dei er då!!




4 kommentarer:

Sigrid sa...

ANNAAAAA!!!!!! Det var IKKJE eg men SARA som var take that fan..(eg var skapfan) mine heltar var new kids on the block og roxette!! hehe...eg har HELDIVIS teke til fornuft etter dette...men ok da...musikk videoen til "want you back for good" snurra og gjekk ein del medan eg iherdig sat med gitaren å prøvde å spele attåt! HAHahahaha

Anna Josefin sa...

"teke til fornuft"...kven seier det er ufornuftig å vere glad i TT??? Eg huskar iallefall at eg og du brukte å sjå på den musikkvideoen der ho dama i raud kjole er slem mot dei! og eg er også sikker på at du har uttalt orda "take that e so bra!". :)
og ikkje prøv å ro deg inn igjen med å glede deg over Metallica på radioen...hehe...

Sigrid sa...

ANNAAAAA!!!!! den musikkvideoen va how deep is your love vakje d d da?
hihiih

Anna Josefin sa...

hehehe, JO!! :)

http://www.youtube.com/watch?v=cL3j2jxr8lc