laurdag, januar 13, 2007

This is this is what i'm dreaming of!

This is this is what i'm running from...

Eg har jo gleda meg slik til å starte på igjen i det nye året. Men det har vore litt rart. I går var 
ein merkeleg dag. Starta med at eg holdt på å sovne under forelesninga på MF, og var heilt fjern. 
Vel heime skulle vi lage middag, og brått glei den store glaskrukka med salt i ut av hendene mine 
og ned på golvet. Golvet vart kvitt, glasbrot overalt (til og med på kjøkenbordet) og ikkje mindre
enn 1 kg salt utover vårt flislagte golv. 'Jaja, slikt kan skje alle' tenkte eg. Lite visste eg om at 
dette berre var starten på ein snodig dag. 




Ops...



Altfor mykje salt, glas og anna rot.


På kvelden kosa vi oss storleg med oboy i dei nye fargerike plast-glasa vår. Karianne spelte Sims på rommet mitt, og eg var inne å sjekka korleis det gikk med tapetseringa og de. I det eg skulle gå ut, hong eg fast i ein spikar på dørstokken min, og her flyg eg eit lite sekund i lufta før eg til mi store gru ser at dei fine kvite veggane i gangen har vorte brune av sjokomelka. Ikkje berre veggane, men eg, brillene mine og golvet fekk også si dose. "NEEEEEEEEEI!!!" ropar eg, og eg høyrer Maria flire litt frå kjøkenet før ho svarar: "Hva har du gjort nå da?"



Fortsatt litt klissete i gangen...

Jaja, det skal ikkje alltid ver enkelt å heite Anna.
Eg håpar eg klarer og ta meg inn igjen, og koma tilbake til det normale oslo-livet.
Eg har fått meg gardiner da. Det er ein start.
Dei er rosa og lilla, og er svært fine for ei jente som meg!



4 kommentarer:

Anonym sa...

du anna du anna...måtte berre flire litt når ej las om dagen din :) men synst litt synd på dej da...

Anonym sa...

ååå.....well done,ron..:))))))))))))))))))))))))))))

Ingunn sa...

nammen:) Bråten 1 ser fantastisk bra ut!!

Renate sa...

Off da!!
Høyres voldsomt ut! hehe..
Ha det fiiint i storbyen:)