fredag, desember 25, 2009

1. juledag

Ein fin kveld i går, både på sjukeheimen og heime med Sigrid. På sjukeheimen var det berre tre pasientar att på avdelinga. Vi spiste twist og kaker, julemiddag og dessert. Vi las juleevangeliet og song Deilig er jorden. Ei fin stund! Etterpå drog eg til Sigrid og spiste restar der, sidan dei var ferdige å spise. Eliah var i slaget med alle presangane, og eg fekk mykje fint eg óg.
I dag kjem familia hit på middag. Koseleg med jul syns eg.

I dag er Jackie 1 år! :) Hurra!
Ho fekk sjølvsagt julegåve i går; to griseøyrer.
I dag har ho fått bursdagskake.
Eg har børsta ho, og tatt bilde av ho og juletreet.
No snorkar ho under bordet.
Eg sit i ny joggebukse og gensar, mamma fyrar i peisen.
Polarekspressen er på tv, Stormfulle høyder ligg på bordet, og skålene er fylt opp med sjokolade.

Ha ein fin juledag. :)




2 kommentarer:

Ingunn sa...

Jackie er søt, og det er du og:)
<3 Ha en herlig dag!

Anonym sa...

Synes det er så gøy at du oppdaterer ofte! Koser meg såå når jeg leser! :D