Eg har: tatt pause frå studeringa, hosta, grått, flirt, tryna på isen, feira kongen sin 70-års dag, strikka 2 stk huer, lært meg ein ny song på gitar, støvsugd en stor edderkopp, kjøpt jellybeans på deli de luca, kjøpt meg gule leggvarmarar (!), sett Mars og Venus på kino, konsumert ein kebab og mykje ute-mat, gått i slottstrappa for fyrste gong og hatt systra mi på besøk i hovudstaden. Eg har altså hatt bronkitt, og lungene mine har kjempa som søren mot hosten og mykoplasmaen (?). Men no er eg tilbake med ei hes (attraktiv?) stemme, og nyt dei siste fridagane i Oslo!
Mi syste Sigrid ville (som andre Hareidsdølingar hadde villa) sjølvsagt gå i butikkar, Bogstadveien, sjå slottet og spise på Elm Street. Alle ønsker vart innvilga, og vi kosa oss med shopping og henging. Ingunn, som snart tek turen til Mongolia, var også på besøk i helga. Eg fekk stifte kjennskap til Kwang-bin, og høyre anekdoter frå barneskule-kvardagen ho har hatt i den siste tida. I staden for å greie meir ut her, velg eg å la bileta tale for seg.









