"...and the two shall be as one..."
onsdag, januar 31, 2007
Ej gle mej!!
Eg er som kjent heime på Hareid i helga, for å delta på VT (vintertreff) saman med mine kjære og ca 400 andre ungdommar. Veldig bra tiltak! På bildet strålar Pål Andre, Kristin, Helga og litt FreFa i bakgrunnen, som også gler seg mykje! :)
Og ja, Karianne, bussturen gjekk fint, og både eg og Jorunn er oppegåande!
laurdag, januar 27, 2007
Crosses all over, heavy on your shoulders...
We'll cast some light and you'll be alright...
Takk, Ingunn. :)
Velkomen tilbake, Sid...du e gode!
Cutiepie...^^,
Du er pen! Ta hintet!
Don't you know that I'll be around to guide you through your weakest
moments, to leave them behind you?
Eg savnar deg!
onsdag, januar 24, 2007
Livets store spørsmål
tysdag, januar 23, 2007
Want you back for good!
Du veit den kjensla du får når du på ein måte gjenoppdagar tidlegare gleder? Då det virkelig går opp for deg kvifor du var så glad i det/den/dei, og kor bra det eigentleg var? Eg har hatt to slike opplevingar i det siste. Den fyrste kom då Karianne og eg sat på Timesekspressen til Sagavoll på fredag, då Duran Duran song Ordinary World opptil fleire gongar på rad på radioen. Eg sa til Karianne: "Åh, den songen e skikkeli bra, sjølom den e frå åttitalet eller nåke sann!" Eg hadde den på hjerna heile tida, og det fyrste eg gjorde då eg kom heim var å laste den ned.
Den andre var då eg brått fekk lyst å høyre den nye Take That songen som kom ut i haust ein gong, men visste ikkje kva den heitte, og fann det heller ikkje ut. I staden for kom eg på alle andre kjente og kjære TT-songar som 'How deep is your love', 'Relight my fire' og 'Want you back for good', og lasta ned alle eg kom over. Då fann eg også den nye, som forøvrig heiter Patience og er kjempebra, og sat lenge på rommet mitt å høyrte på mine kjære synge til meg. Måtte til og med utbryte eit lite "å jess!", og Marianne kom inn å spurte kva det var.
Kven kan ikkje elske desse??
(Legg spesielt merke til den smekre badetrusa til godaste Williams til høgre.)
Eg fortalte til Sigrid, mi storesyste, at mitt og Take That sitt forhold hadde fått gløden tilbake, og gammel fan som ho er, måtte ho berre flire litt av meg. Eg gjekk faktisk så langt at eg uttalte at om dei kom til Noreg for å halde reunion-konsert, skulle vi iallefall fare på den. Der gjekk tydlegvis grensa hennar, for ho sa at då hadde ho vorte direkte flau.
Ikkje skjønar eg kvifor.
I natt hadde eg den beste draumen ever. Den varte kjempelenge. Eg vakna fleire gongar grunna mi hosting og anna sjuke-oppførsel, men for kvar gong eg sovna, so fortsatte draumen vidare!
Eg drømte mellom anna at eg fekk møte Take That i levande live, då dei jobba på Møbelringen i Ulsteinvik (dokke lokale veit at dette var kanskje ein litt absurd situasjon) i ein time. Eg forta meg ut då eg fekk nyss i nyhenda, og fekk både klem, autograf og fotografering. Ekstase. Brått fekk eg også nyhenda om at Red hot chili peppers jobba på Narvesen i Ulsteinvik, og eg skunda meg dit med ein gong. Då eg kom dit var det slettes ikkje Anthony Kiedis som møtte meg, men ingen mindre enn Johnny Knoxville!! Eg tok med meg dagboka mi, og fekk han til å skrive i den (!), og blei kjempeglad. Dokke som kjenner meg godt veit at Knoxville er min kjære Mann med stor M, men merkeleg nok var eg mest lykkeleg over å ha møtt Take That. Bør det ringe ei bjelle for meg no?
Ikkje veit eg, men eg vakna iallefall med eit smil. Gary, Howard, Jason og Mark har på nytt kome inn i livet mitt, og eg
må berre akseptere fakta. Men sjå kor vakre dei er då!!

torsdag, januar 18, 2007
Too early seen unknown, and known too late!
For ein vakker film.
Meg, telys i heile stua, dyna, Leonardo & Claire, hjartesukk og evinneleg mange fine kjærleikserklæringar. Dette har vore min heime-åleine-kveld i bråten.
Eg vert like rørt, glad og misunneleg kvar gong Desiree syng Kissing you, og Romeo og Julie finn kvarandre gjennom akvarieglaset.
"Did my heart love 'till now? Forswear it sight. For I never saw true beauty 'till this night."
"Goodnight, goodnight! Parting is such sweet sorrow that I shall say goodnight till it be morrow!"
Mr. Shakespear kunne å få sagt det. Han var nok ein god mann.
Måtte min Romeo kome like brått og romantisk inn i mitt liv!
onsdag, januar 17, 2007
Ode til Voll
Det var med stor skuffelse i stemma at Marianne Voll kunne meddele at eg ikkje hadde nemnt ho på bloggen min, i motsetning til Maria, som tydlegvis var ein bedre sambuar enn undertegnade. Vel, her har du den Voll, ei heile ode berre til deg og ditt vesen!
Då Marianne flytta inn i Bråten like før jul, oppstod det ymse komplikasjonar. Ho kjem nemleg frå Vigrestad (også kalla Vigrest av dei innfødde), og snakkar, etter mi meining, den vanskligaste dialekta du kan oppdrive i Norges land. Sjølv om vi no, èin månad etter, framleis må konsentrere oss for å plukke opp nokre kjente ord, har språkforvirringa lagt seg litt, og vi kan til og med kome med fornuftige svar til ho.
(Eg har opptak av ho på dataen min, men fann ingen måte å legge det ut på. Touchè.)
Men Voll har jo mange fine egenskapar.
Ho er nesten sjukepleiar, og likar svært godt å undersøke både meg og kroppen min. Ho er også den som alltid passar på at her er mat i huset, at her er varmt og at alle har det bra, og er soleis ein god førebels erstattar for morskjærleiken. For ho er litt husmor. Mi og Maria si. :)
Ho ryddar og styrar på, men vaskina går som oftast føre seg på nattestider, då energinivået synes å vere på topp, mens eg stille trekk meg tilbake for ro og rekreasjon på mitt rom.
I går var eg så uheldig å miste ein knapp i buksa mi, og då var Voll på pletten med syskrinet sitt på null komma niks! (Etter litt mild overtaling frå meg.) Og i dag når eg kom frå skule, kom spørsmålet: ”I dag he æg lagt noge nytt! Vil du ha litt risperasp?” (Ho hadde plukka opp ei ny og spennande oppskrift frå Wenche i God Morgen Norge, og kunne friste med varm lunsj.)
Eg kan ikkje nemne Voll utan å nemne el-pianoet (som for øvrig har utkonkurrert mitt keyboard for lengst). Ho spelar og spelar, og strofa: ”He du nogen ønske frå syng livet?” er ikkje ukjent her i heimen.
Men skulebøkene, pervo-bestikket, godteriet, filmane, ”gitaren” og dialekta, berikar ho Bråten med både livsglede og husfred.
Sjølv om eg ofte må flire litt av deg Marianne, er det berre fordi eg er glad i deg og glad du bor her med oss!
Det er rett som du seier: du skal ikkje fylle Ingunn sine sko.
Du skal fylle dine eigne.

laurdag, januar 13, 2007
This is this is what i'm dreaming of!
This is this is what i'm running from...
Eg har jo gleda meg slik til å starte på igjen i det nye året. Men det har vore litt rart. I går var
ein merkeleg dag. Starta med at eg holdt på å sovne under forelesninga på MF, og var heilt fjern.
Vel heime skulle vi lage middag, og brått glei den store glaskrukka med salt i ut av hendene mine
og ned på golvet. Golvet vart kvitt, glasbrot overalt (til og med på kjøkenbordet) og ikkje mindre
enn 1 kg salt utover vårt flislagte golv. 'Jaja, slikt kan skje alle' tenkte eg. Lite visste eg om at
dette berre var starten på ein snodig dag.
Ops...
Altfor mykje salt, glas og anna rot.
På kvelden kosa vi oss storleg med oboy i dei nye fargerike plast-glasa vår. Karianne spelte Sims på rommet mitt, og eg var inne å sjekka korleis det gikk med tapetseringa og de. I det eg skulle gå ut, hong eg fast i ein spikar på dørstokken min, og her flyg eg eit lite sekund i lufta før eg til mi store gru ser at dei fine kvite veggane i gangen har vorte brune av sjokomelka. Ikkje berre veggane, men eg, brillene mine og golvet fekk også si dose. "NEEEEEEEEEI!!!" ropar eg, og eg høyrer Maria flire litt frå kjøkenet før ho svarar: "Hva har du gjort nå da?"
Fortsatt litt klissete i gangen...
Jaja, det skal ikkje alltid ver enkelt å heite Anna.
Eg håpar eg klarer og ta meg inn igjen, og koma tilbake til det normale oslo-livet.
Eg har fått meg gardiner da. Det er ein start.
Dei er rosa og lilla, og er svært fine for ei jente som meg!

søndag, januar 07, 2007
O jul med din glede.
"Ta deg god tid til å vere lykkeleg" las eg i går. Tippa det er ei god retningslinje sidan Kristin hadde skrive det på ein lapp og hengt opp på veggen på bakrommet på butikken. Det er viktig å ikkje oversjå dei små øyeblikka, det er dei som er med på å gjere i allfall meg lykkeleg. Difor vil eg ta meg god tid til å vere lykkeleg. No er ferien, jula og ikkje minst året over. Det har vore eit kongebra år, men frykt ikkje mine medmenneske, eg tippar the big 07 blir eit veldig bra år det også...;)
I går hadde vi årets fyrste og fjorårets siste juleselskap, og her kjem nokre highlights frå selskapet og resten av jula på Hareid.
Ligretto var sjølvsagt ein hit.
Steve-O slækka...:)

Det hedenske pepparkakehuset blei kristna før det fall.
21 episoder på èit døgn...
Møre's kjære Brænne-bruser som austlandet ikkje kan oppdrive. Luks, Eplerose, Ananas-, Pære-, Bringebær- og Festbrus.
Andrine, mitt suskenbarn på 5, underheld ved middagsbordet.
Eliah kjempesjokka etter hans entrè og alle begynte å flire...hehe..
Samsung har gjort det stort i familia vår!
Ligretto var sjølvsagt ein hit.
Steve-O slækka...:)
torsdag, januar 04, 2007
Who am I...
...that the Lord of all the earth, would care to know my name?
Would care to feel my hurt. Who am I?
That the bright and morning star, would choose to light the way,
for my ever wandering heart..?
Not because of who I am, but because of what you've done.
Not because of what I've done, but because of who you are...
And you've told me who I am;
I am yours....
måndag, januar 01, 2007
TAKK.
2006. Det har vore eit vakkert år.
(Filmen er berre bakgrunnsmusikk!)
Januar:
Februar:
Mars:
April:
Mai:
Juni:
Juli:
August:
September:
Oktober:
November:
Desember:
Takk for alle smil, glede, tåre, blikk, trøst, besøk, intern humor, tura og alt og alle som har vore med på og gjort mitt år til eit fantastisk bra eit. :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)