måndag, juli 11, 2011
Kjærleik om sommaren
Du veit, når det kjennes ut som om hjartet er farga i tusen fargar samtidig som det stikk litt heilt innerst, og du må høyre den songen om igjen og om igjen fordi den sei alt, og alt som har vore vondt har blitt bra. Og systra di har gifta seg med verdens finaste mann, og det er så mykje kjærleik overalt at du nesten blir litt matt men på ein fin måte. Og sommaren har komt og ein kan ta på raud neglelakk på tærne, og gå i graset og kjenne kor godt og mjukt det er mot ein sliten fot. Og fortsatt er det så mykje bra som skal skje, snart snart kjem fine tantebarn og flytting og innflytning, og det er slitsomt men så bra alt samen. Og om ein då vaknar ein morgen og kjenner at alt ramlar i hop, så er det også greit, i allefall når ein har alle ti sesongane av Friends, og ein fisketur på kvelden som ein kan gle seg til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Nydelig.
Så fint! Er det YSL jeg skimter på dine vakre lepper?
guri for nåkre flotte sysken! :D
Legg inn en kommentar