søndag, september 05, 2010

Days with my father

Photobucket

Days with my father er ei fin, trist og beskrivande historie om korleis det er å leve med nokon som er demente, har alzheimers eller ikkje har korttidshukommelse. Historia er skriven av ein mann, som har ein far utan korttidsminne, og som nettopp har mist kona si.

Photobucket

Phillip (sonen) skriv om kvardagen i lag med faren, og korleis dei kjem seg gjennom dagane.
I staden for å seie igjen og igjen at mora/kona er død, diktar han helder opp ei historie om at ho har reist til Paris og driv eit kjendt loppesirkus der. Historia er så fint fortalt, ærleg og ekte.

Photobucket

Photobucket

Heile historia kan du lese her.

Eg har ein stor plass i hjertet mitt til personar med demens o.l., og det er eit tema eg brenn for. Korleis ein kan forstå sjukdommen, gjere den mindre smertefull og forhindre rask forverring. Folk generelt burde blitt meir opplyst om temaet, ikkje berre pårørande.
Mi bestemor fekk alzheimers, og lenge gjekk eg rundt og ikkje forstod heilt kva det gikk ut på. Eg starta å jobbe på skjerma avdeling på sjukeheimen sommaren 2008. Bestemor var også pasient her. Eg lærte generelt mykje om sjukdommen, men eg fekk også sjå med mine eigne auge kor fæl og grusom slike sjukdommar er. Eg fekk ein heilt ny forståelse og eit anna perspektiv på livet generelt. Mi bestemor vart på slutten så dårleg at ho gløymde korleis det var å svelge. På den måten fekk ho ikkje i seg verken fast eller flytande føde. Den 23.juli i fjor sommar, tok ho siste andedrag. Eg fekk sitte med henne og holde henne i handa mens ho pusta for siste gang, og den stunda ber eg med meg i hjertet mitt. For dei siste sekunda av livet hennar, åpna ho augene og såg med store auge i taket. Som om ho såg at nokon henta henne heim. Det føltes so trygt og godt.
Eg jobbar framleis på skjerma avdeling, og sjølvom det til tider er veldig tøft, er det mest givande å vere på arbeid der. Eg veit at når hjerna sviktar kroppen, treng ein at nokon er det å gjer jobben for deg.
Det er ein god følelse det å vere til hjelp.

3 kommentarer:

K. sa...

En skikkelig trist men god og fin historie! Og fiiine bilder....

Daniel Dalmo Moltubak sa...

Du er god!

Maria sa...

Selv om det er et vondt tema er det fint å lese det du skriver, for det er så viktig at du og andre vil jobbe med demente og ikke skremmes vekk. Også er det fint å lese at du finner en arbedsplass der du finner mening og glede!