tysdag, september 28, 2010

Fjører og diamantar

Photobucket

I dag har eg laga ei speleliste på Spotify, der alle kan legge til songar. Den heiter fjører og diamantar, for alle songane skal følast ut som små skattar på ein heilt vanleg tirsdag. Enten du har rosa og gule sommarfuglar i magen, er trist eller lei, hoppar og dansar i takt med musikken, tek på sminke, skriver brev, ligg på senga og ser i taket, drøymer deg vekk til ein finare plass, eller som eg har gjort i dag: baka marmormuffins og kanelsnurrar. Takkar og bukkar for alle som vil bidra, og så er det ekstra fint å høyre songar som er nokon andre sine skattar også.

måndag, september 27, 2010

Hausten på Sunnmøre

Photobucket
Photobucket
Photobucket

I går var eg og Sigrid ute under stjernehimmelen og leika oss med kameraet. Det som er så fint med hausten her på Sunnmøre, er at lufta vert så klar og fin. Om dagen er alle fjella sylskarpe, og i skumringa vert alle fjella mala i rosa, blå og lilla. Og om kvelden kjem alle stjernene fram, i tusenvis!
På det nederste bildet over, kom hurtigbåten også på ("skulebåten").

Vi køyrte litt opp i høgda for å få betre utsikt til stjernene også, og der kom nordlyset også. Eg låg på bakken og såg opp på himmelen, og tenkte over kor fint det var at det var ingenting mellom meg og himmelen. Det er godt å føle seg litt liten også inni mellom.

Photobucket
Photobucket

fredag, september 24, 2010

Produktiv jente del 2

Som eg tidlegare har skrive her, har eg vorte ei produktiv jente etter at eg oppdaga for ein god terapi det er å strikke. No er eg ferdig med mitt hittil største prosjekt, nemleg ei jakke til meg sjølv! Ikkje berre var det eit relativt avansert prosjekt i utgangspunktet, men det var også mønster på heile jakka. Veldig kjekt å strikke, og passe stolt med det ferdige resultatet. I år blir alle julegåvene heimestrikka!

Photobucket
Photobucket
Photobucket

søndag, september 19, 2010

Søndag og haust



Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

Det er søndag, og det er haust. Eg har på små lampar på rommet mitt. Eg har nettopp tatt på min nye krem som luktar av appelsin og kanel, frå Kings&Queens (så kjempegod!). Eg har på denne sangen akkorat passe høgt til at eg kan drøyme meg vekk. No skal eg gå inn på stua til mamma, for vi skal nemleg sjå Sjokolade, vår favorittfilm. Eg strikkar og strikkar, for det er den beste terapien, og no er eg ferdig med ei jakke til meg sjølv. (Bilder kjem.) No held eg på å strikke ei babyjakke til TrådKråa, og ein hals til meg sjølv. Det er søndag, det er haust, og eg likar det.
Håper alle har fine kveldar med té, ein favorittfilm, og ein god følelse inni hjartet.

søndag, september 05, 2010

Days with my father

Photobucket

Days with my father er ei fin, trist og beskrivande historie om korleis det er å leve med nokon som er demente, har alzheimers eller ikkje har korttidshukommelse. Historia er skriven av ein mann, som har ein far utan korttidsminne, og som nettopp har mist kona si.

Photobucket

Phillip (sonen) skriv om kvardagen i lag med faren, og korleis dei kjem seg gjennom dagane.
I staden for å seie igjen og igjen at mora/kona er død, diktar han helder opp ei historie om at ho har reist til Paris og driv eit kjendt loppesirkus der. Historia er så fint fortalt, ærleg og ekte.

Photobucket

Photobucket

Heile historia kan du lese her.

Eg har ein stor plass i hjertet mitt til personar med demens o.l., og det er eit tema eg brenn for. Korleis ein kan forstå sjukdommen, gjere den mindre smertefull og forhindre rask forverring. Folk generelt burde blitt meir opplyst om temaet, ikkje berre pårørande.
Mi bestemor fekk alzheimers, og lenge gjekk eg rundt og ikkje forstod heilt kva det gikk ut på. Eg starta å jobbe på skjerma avdeling på sjukeheimen sommaren 2008. Bestemor var også pasient her. Eg lærte generelt mykje om sjukdommen, men eg fekk også sjå med mine eigne auge kor fæl og grusom slike sjukdommar er. Eg fekk ein heilt ny forståelse og eit anna perspektiv på livet generelt. Mi bestemor vart på slutten så dårleg at ho gløymde korleis det var å svelge. På den måten fekk ho ikkje i seg verken fast eller flytande føde. Den 23.juli i fjor sommar, tok ho siste andedrag. Eg fekk sitte med henne og holde henne i handa mens ho pusta for siste gang, og den stunda ber eg med meg i hjertet mitt. For dei siste sekunda av livet hennar, åpna ho augene og såg med store auge i taket. Som om ho såg at nokon henta henne heim. Det føltes so trygt og godt.
Eg jobbar framleis på skjerma avdeling, og sjølvom det til tider er veldig tøft, er det mest givande å vere på arbeid der. Eg veit at når hjerna sviktar kroppen, treng ein at nokon er det å gjer jobben for deg.
Det er ein god følelse det å vere til hjelp.

torsdag, september 02, 2010

Hausten

Photobucket
Photobucket
Photobucket

Hausten står for ny start. Skulestart, haustklær og ny inspirasjon. Ute ser det varmt ut, men haustlufta er skarp og kald. Likevel blir du litt for varm i kleda du har tatt på deg. September er ein fin måned. Mørkare kveldar og chai-té.
Eg likar det.

Eg, Birte og Sigrid har meldt oss inn på Wellnessenteret, og vi har allereide vore på både zumba og yoga! Vi fortjenar ein klapp på skuldra. I tillegg skal eg starte eit nytt og bedre internettliv. Eg brukar unødvendig mykje tid på facebook, bloggar og andre sider, og eg skal no prøve å kutte ned på den tida. Det gjeld å få eit litt anna fokus i kvardagen! Livet gjeng ikkje føre seg inne i ein skjerm, men livet er akkurat no, om eg berre huskar på det. Det er ikkje vits i å gå å vente på ei bedre anledning til å gjere noko! (Dagens visdomsord frå meg! :D)
I morgon har eg bursdag, og eg skal ha jentekveld med "systrene" mine (Sigrid, Birte og Lena). Vi skal spise god mat, kake, is og smågodt. Gler meg!!