onsdag, juli 20, 2011

Favoritting sidan sist

Photobucket

♥ Cheerios til frukost og kvelds og ellers når eg er svolten
♥ at det er sesong for ekte fersken (slike med pels) som smakar himmel
♥ har blitt bestevenn med symaskina, og produserar fine ting til små babyar som snart kjem
♥ drømte her ei natt at eg var kjærast med Ryan Gosling. OMG, det har aldri vore så nedtur å våkne

Photobucket

♥ min nye sofa
♥ at eg er på jakt etter ei fin bokhylle. Då er eg skikkeleg vaksen då, og eg får lyst å sitte i min nye sofa og lese og vere tilfreds
♥ at det er styrtregn ute, men fortsatt varmt, slik at det luktar sommar
denne songen
♥ Joaquin Phoenix i "The Village". Dån.

Photobucket

♥ boka "Drømmehjerte" av Cecilia Samartin
♥ å drøyme
♥ nybaka sitronkake med vaniljeis
♥ du veit, når du vert varm i heile magen samtidig som det svir pittelitt i hjertet og du tenker at det er dumt, omtrent som når han sei "hei" heilt uten at du ventar det men håpar litt likevel? Den følelsen. Har laga ei speleliste om den. Høyr den her: Han sa "hei".

Photobucket

♥ FRAMTIDA.

Photobucket

måndag, juli 11, 2011

Kjærleik om sommaren



Du veit, når det kjennes ut som om hjartet er farga i tusen fargar samtidig som det stikk litt heilt innerst, og du må høyre den songen om igjen og om igjen fordi den sei alt, og alt som har vore vondt har blitt bra. Og systra di har gifta seg med verdens finaste mann, og det er så mykje kjærleik overalt at du nesten blir litt matt men på ein fin måte. Og sommaren har komt og ein kan ta på raud neglelakk på tærne, og gå i graset og kjenne kor godt og mjukt det er mot ein sliten fot. Og fortsatt er det så mykje bra som skal skje, snart snart kjem fine tantebarn og flytting og innflytning, og det er slitsomt men så bra alt samen. Og om ein då vaknar ein morgen og kjenner at alt ramlar i hop, så er det også greit, i allefall når ein har alle ti sesongane av Friends, og ein fisketur på kvelden som ein kan gle seg til.

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket