Take me somewhere i can breathe
i've got so much to see
this is where i wanna be
in a place i can call mine
Denne songen er så fin at eg blir varm inni meg, og eg igjenoppdagar den omtrent ein gong i året. For det første er filmen (The Beach) ein av mine favorittar (med den finaste fyren eg veit, Leonardo), og for det andre er det sommar og sol og kjærleik. Eg håper sommaren har komt til Hareid for å bli, men her er vi som regel innom eit par årstider i løpet av ein dag. Eg for nyte dei varme kveldane mens eg har dei, med solbriller og shorts og nybaka muffins. Og no er det berre ei veke igjen til det store bryllupet, eg gler meg so mykje at eg har sommarfuglar over alt inni meg.
fredag, juni 17, 2011
søndag, juni 05, 2011
Whatever you want to do, do it. There are only so many tomorrows.
Kvifor tenker ein som oftast automatisk på kva andre syns om det du gjer? Kvifor er dei verste konsekvensane av det du vil, det folk kan kome til å meine om det du gjer? Eg skulle ønske eg var flinkare til å gjere ting som eg har lyst til, når eg har lyst til det. Uten å bekymre meg om kva andre vil tenke om det. Det er jo til sjuande og siste berre du sjølv som kan bestemme kva du vil fylle livet ditt med. For livet er jo kvardagane, dei små øyeblikka som du huskar for alltid. Det er ikkje den eine gongen i året du er på ferie eller gjer noko utan om det vanlige. Det er her. Det er no. Det er smilet til han som er finast, latteren til ho kjekke og kjensla av å vere tilfreds akkurat der og då. Så for det berre kome regnversdagar inn i mellom.
Abonner på:
Innlegg (Atom)