Eg har den siste tida funne ut at handarbeid egnar seg finfint som terapi. Det har resultert i at eg har produsert ein heil del småting dei siste månadane! 3 strikka babyteppe, ei sjøldikta babyjakke, 4 babyhuer, ei strikka babyjakke til
TrådKråa (tante sin tråd/strikkebutikk) og no til sist eit hekla teppe som også skal få vere modell på butikken. Det er det fyrste store hekleprosjektet mitt, og det einaste eg har hekla som ikkje er panneband. Eg er STOLT! Gi meg eit klapp på skuldra.





Ps: I dag har eg på meg sommarens favoritt: fersken
og gull på negla. Mm.