i januar
var det kaldt og frost på bilruta. Lina fekk gå inne opp i senga mi.
i februar
var det VT (vintertreff) med TenSing. Eg fekk også tidenes blåkul etter å ha tryna i trappa til Sigrid. Til omverda lata eg som det var ei skate-skade.
i mars
fekk eg Jackie. Kjem aldri til å gløyme då eg såg ho for fyrste gong då eg henta ho på kaia. Vi vart bestevennar nesten med ein gong. Eg og Birte var også på Freaks&Geeks-party med TenSing.
i april
var det vår ute, og fint lys inn på rommet mitt. Og eg farga håret mitt mørkt.
i mai
var eg i Oslo på besøk. Karianne gråt av korpset som spelte "it's not unusual to be loved by someone" i 1. mai-toget, mens ho kvelden før gjekk rundt til folk og sa "du er støgg, snu deg". Arne demonstrerte litt for seg sjølv. Jackie var fint pynta til 17. mai, og alle var søte i bunadar.
i juni
hadde eg besøk av Karianne og Maria og sommaren var fin som aldri før. Grillmat og etegilde. Celina kom endelig til verda, og eg var på TT på Gjøvik.
i juli
var Celina liten baby. Det var sommar og lollipop og telttur i hagen. Og kjæraste farmora mi døde.
i august
tok eg bilder på Flø ein sein og regnfull sommarkveld. Og så begynte eg på Høgskulen i Ålesund på sjukepleia.
i september
fekk eg mi aller fyrste bot på 500 kr. Eg hadde også bursdag, med rosa roser og sløyfe i håret. Celina hadde barnedåp, og eg var fadder.
i oktober
pimpa eg kjellarstua, og tok bilder av månen.
i november
hadde eg svineinfluensa, som var heilt forferdeleg. Etterpå levde eg livet i Oslo.
i desember
blogga eg kvar dag i adventstida, mala fine julemannar, tok bilder av rommet mitt og meg sjølv.
3 kommentarer:
Konge innlegg:D
Godt nytt år! :)
Så koselig oppsummering av året som gikk :) Fint å lese :)
Godt nyttår Anna!
Fine bilder og god stemning!
(Æææsj, skrukkemagen!)
Legg inn en kommentar