i januarvar det kaldt og frost på bilruta. Lina fekk gå inne opp i senga mi.

i februarvar det VT (vintertreff) med TenSing. Eg fekk også tidenes blåkul etter å ha tryna i trappa til Sigrid. Til omverda lata eg som det var ei skate-skade.

i marsfekk eg Jackie. Kjem aldri til å gløyme då eg såg ho for fyrste gong då eg henta ho på kaia. Vi vart bestevennar nesten med ein gong. Eg og Birte var også på Freaks&Geeks-party med TenSing.




i aprilvar det vår ute, og fint lys inn på rommet mitt. Og eg farga håret mitt mørkt.


i maivar eg i Oslo på besøk. Karianne gråt av korpset som spelte "it's not unusual to be loved by someone" i 1. mai-toget, mens ho kvelden før gjekk rundt til folk og sa "du er støgg, snu deg". Arne demonstrerte litt for seg sjølv. Jackie var fint pynta til 17. mai, og alle var søte i bunadar.



i junihadde eg besøk av Karianne og Maria og sommaren var fin som aldri før. Grillmat og etegilde. Celina kom endelig til verda, og eg var på TT på Gjøvik.






i julivar Celina liten baby. Det var sommar og lollipop og telttur i hagen. Og kjæraste farmora mi døde.




i augusttok eg bilder på Flø ein sein og regnfull sommarkveld. Og så begynte eg på Høgskulen i Ålesund på sjukepleia.

i septemberfekk eg mi aller fyrste bot på 500 kr. Eg hadde også bursdag, med rosa roser og sløyfe i håret. Celina hadde barnedåp, og eg var fadder.



i oktoberpimpa eg kjellarstua, og tok bilder av månen.


i novemberhadde eg svineinfluensa, som var heilt forferdeleg. Etterpå levde eg livet i Oslo.


i desemberblogga eg kvar dag i adventstida, mala fine julemannar, tok bilder av rommet mitt og meg sjølv.

