- eg bur heime i eit varmt hus med ei snill mamma som fyrer i peisen (og som har strikka ny gensar til meg!!)
- eg slepp å bekymre meg over eksamenar og andre innleveringar
- eg har ny lysekrune frå ikea
- eg får vere med på alle juleforberedingar
- eg har mykje å gle meg til
Før eg sette meg ombord i nattbussen, var eg i Oslo. Fem dagar i lag med gjengen. Eg kan nemne fleire turar i bogstadveien, sushi, aker brygge, bursdagsselskap, tre-stemt synging, tur til ikea, dizemba-christmaz og bildeframsyning frå japan-turen. Med andre ord fem dagar med kos. I love you :)