laurdag, juli 10, 2010

43 ting som gjer meg varm i hjertet
















1. Når ein drøymer om nokon, og går heile dagen og er forelska i personen.
2. Oppdage ny musikk som beskriv akkurat sånn du har det.
3. Å få handskrivne brev i posten.
4. Når ein plutseleg legg merke til teksta i ein song du har likt lenge, eller oppdagar at tekster plutseleg gir ei anna meining.
5. Å få uventa klemmar.
6. Sommarbrun hud.
7. Å flire til ein får vondt i kinna.
8. Den nye isteen med guavasmak på varme sommardagar.
9. Håret etter ein har bada i sjøen.
10. Å gløyme kva dag det er, eller kva klokka er, fordi det ikkje spelar noke rolle.
11. Å følge med på kattar når dei ikkje veit at ein ser på dei.
12. Bake scones til frukost når ein er åleine berre fordi ein har lyst på det.
13. Ta bilder av mennesker som flirar skikkeleg.
14. Lukta av blomster.
15. Følelsen av reint sengetøy.
16. Å tenke på at alle menneskene ein ser tilfeldig på gata har sine historier, opplevelsar og draumar.
17. Fregner.
18. Lukta på eit bibliotek, og av gamle bøker.
19. Å grine av scener i filmar.
20. Gå på konsertar og kunne alle songane utenat.
21. Følelsen av å høyre yndlingssongar live, akkurat som når ein ser den ein er forelska i.
22. Bollar med peanøttsmør og jordbærsylte.
23. Måten ein frys på etter at ein har bada, og følelsen av å ta på seg mykje kle.
24. Når du likar måten det gjer vondt på.
25. Gutar som står på skateboard.
26. Lite kle på sommarvarm hud.
27. Å kline.
28. Å ta seg råd til å kjøpe ein blomsterbukett til seg sjølv.
29. Lyden av høghela skor.
30. Å våkne av at ein flirar.
31. Neglelakk på tærna.
32. Å gå på kino.
33. Gode hårdagar.
34. Solnedgongar.
35. Gutar med tatoveringar.
36. Å vere tilfreds med sin eigen situasjon.
37. Å sovne til musikk.
38. Songar som minner deg om ting, eller gir fine assosiasjonar.
39. Måten forelska personar ser på kvarandre.
40. Fine akkordsamansetningar i songar.
41. Å vinne på flaxlodd.
42. Bøker ein berre må eige.
43. Lyden av regn når ein er inne.

8 kommentarer:

Sigg sa...

ej e eni i ALLE!

Anna Josefin sa...

nr 5 også?? :D

Arne sa...

Enig i alle!

Sigg sa...

hahah! Ja nr 5 også! Frå uventa persona! ;D

Sigg sa...

...okei....ikkje eni i 22 å 29 ;)

Sigg sa...

...okei....ikkje eni i 22 å 29 ;)

Karoline sa...

spesielt nummer 25!! ;)

Maria sa...

I dag har jeg opplevd nr 6, 9, 14, 17, 26, 39 og lest om noen som tenker på nr 16.