laurdag, september 29, 2007

Hey peeps!

shit, no er det ei heil stund sidan eg oppdaterte på skikkeleg vis her. Men i går dreiv eg og las det eg blogga for eit år sidan, og tenkte at då ga eg eit visst inntrykk av kvardagen min, i motsetning til no. No har facebook tatt heilt overhand, men det blir liksom ikkje det same. Difor skal eg skrive litt her. No og då. Forhåpentlegvis oftare enn det siste halvåret. Nok om det.

Berre for å ha det på det reine: livet som musikkstudent i Volda er veldig fint. Kjekke klasse, kjekke fag, kjekke samboar, nye kjekke vennar og gamle kjekke vennar. Ein times tur til Hareid, og 10 minutt til perfekt kaffibar i Ørsta. Vi har til no hatt besøk i frå både Oslo og Bergen, og for dei som skulle ha interesse av å oppleve den herlige kombinasjonen Sunnmøre/Anna/Ingunn (og evt. andre kjende), er det berre å ta turen! Kan generelt seie at eg er glad i kvardagen min, hausten, browniesen, faget musikkorientering, seine kveldar og tilfeldig henging. :)

No sit eg i sofaen heime på Hareid, forkjøla og slapp. Min respektive sambuar er på ferd til bartebyen. I kveld skal eg ikkje gjere nokonting. Berre spise god mat saman med mor. Og sjokolade. Og vere fornøgde med tilstanden.
Ha ei fortsatt fin helg!

5 kommentarer:

Anonym sa...

endeli anna!! :D

K. sa...

Hurra for oppdatering:) JA til blogg-renessanse! :D NEI til Facebook:P

Maria sa...

Jeg vil komme på besøk til dere Anna. "Når?", sier frosken.

Anna Josefin sa...

JA! kom Maria! :D
det hadde vår perfekt!!!!
"Når?", sier frosken.
"Whenever you want." svarte Benjamin.

Anonym sa...

heey pope!
endeli oppdatering!! alle hjerter fryder seg!