Derfor skriv eg dette innlegget for å minne meg sjølv på å sjå lyst på ting. Minne meg sjølv på alt det kjekke eg har i livet, og alt det kjekke som fortsatt skal kome. Eg har mykje musikk som minner meg på akkurat dette. Av og til set eg iPoden på miks, og for kvar song som kjem, tenker eg på kva eg forbind akkurat den songen med. Akkurat no kom Duran Duran med Ordinary World, og når eg høyrer den tenker eg på den gongen eg og Karianne sat på bussen på veg frå Oslo til Sagavoll. Og då må eg jo smile litt, når eg kjem på alt det kjekke den turen innebar.
Her kjem ei lita liste med songar og assosiasjonar, frå iPoden på random:
MEW - 156: mi fantastiske Randi, og slutten på Sagavoll.
Don't you just love goodbyes?
Sade - By Your Side: då eg var på besøk i Oslo, og alle hang i Karianne si leiligheit i waldemar thranes gate, eg og PG gjekk og kjøpte kebab for 29 kr, og då vi spelte DS i senga til Karianne.
Sara Bareilles - Between the lines: sommar og håplaus kjærleik.
The Cure - A letter to Elise: vår i Volda, og Osloturen då vi skatea.
Mew - Comforting Sounds: då eg hørte denne live på konsert og var i himmelen i 8 minutt, og då vi kjørte heim til Sagavoll midt på natta. Også då eg låste meg inn på rommet mitt berre for å høyre på den kjempehøgt. På Sagavoll.
Justin Timberlake - What goes around comes around: då vi kjørte til gardermoen midt på natta når vi skulle reise til Cannes, og alle kunne den utenat og song høgt.
Smashing Pumpkins - Bullet with butterfly wings: då eg begynte å synge på denne i gatene i New York, og Anders Kvellestad brått stemte i (dette var før vi kjendte kvarandre). Love you, quelli! :D
Avril Lavigne - My happy ending: spaniaturen i 04, då denne var på konstant. So much for my happy ending. haha..
Death Cab For Cutie - Brothers on a hotel bed: sitte på nattbussen ei lys sommarnatt. Den er så slakk og fin.
Foo Fighters - Everlong: denne betyr alt. Siste kvelden på Sagavoll då muse-bandet spelte denne, og alle tårene som blei felt den kvelden. Helsinga eg skreiv til Anders Mikalsè i årboka. Bursdagskortet eg fekk med Karianne når vi bodde i Oslo. Setninga "breathe out so i can breathe you in". Alt..
Big Bang - Something Special: hausten 06..sukk! Og tenker alltid LOL når han på slutten seier: okay folkens, er dere klare for fest. Ikkje som eit spørsmål. Haha. (På radio radio tv sleep el. plata.)

Okay folkens, er dere klare for fest.