søndag, september 28, 2008

Easy like sunday morning.

Akkorat no er klokka ca 23 i japan, der eg skulle oppheldt meg. I staden for er klokka omlag 16, og det er ein heilt vanleg søndag på Hareid. Det er rart å vere sjuk over ei lengre periode. Tida gjeng fort, sjølv om dagane gjeng sakte.
Men eg høyrer på musikk og tenker at livet ikkje er så verst likevel. I morgon kjem kanskje min nye Ipod i posten. Eg skal henge med Jorunn, som er heime på haustferie. Eg har god tida til å sjå kjekke filmar. Eg har også god tida til å tilbringe kvalitetstid med Seth Cohen og resten av den gjengen. All things go.
Søndag. Mmm..

chicago (acoustic) - sufjan stevens

fredag, september 05, 2008

Reseptfritt

Eg er sjuk. Har halsen full av blemmer og hostar. Det siste døgnet har eg oppheldt meg på sofaen og i senga. I dag var eg med doktor, men eg har visst fått virusinfeksjon, og då er det ikkje medisin å få. Så når eg ligg her på sofaen er dette min medisin, minst like bra som det Hareid legekontor kan tilby meg: